Brattvåg alt for sterke
Brattvåg-HaNo 11-2. Med same siffer som mot Norborg blei HaNo spelt rundt i store delar av kampen mot 3. divisjonslaget Brattvåg. HaNo skal ikkje deppe for lenge etter stortapet, men ein del ting bør ein ta med seg etter kampen.

17.03.10: Brattvåg kgb:
Brattvåg-HaNo 11-2 (5-0)
Mål HaNo: Cato Longva, Lars Petter Haram

Det kan til dømes vere kynisme i bakre rekker. Å tape med nokre mål mot eit lag frå eit par divisjonar oppom er ikkje skandale. Men ein del av baklengsmåla kan ikkje vi vere tilfredse med. Vi burde i langt større grad greidd å rydde vekk ballen i farlege situasjonar langt bake på bana.

Ikkje heilsvart
At BIL kom til å ha mest ballen kunne ein forutsjå. HaNo skulle prøve å ligge i formasjonen, og prøve å kome aggressivt i press. Til det blei BIL for ballsikre. Ein spela ballen på kant og greidde å rulle opp angrep etter angrep. 5-0 til pause stoppa det på. Fleire av dei på dødball, og HaNo sleit med å rydde vekk. Eit par angrep mot slutten av omgangen kunne gitt HaNo-redusering. Stig Frode Longva og Lars Petter Haram med kvar sine store tilbod.

To skåringar rett veg også
2. omgang var sameleis. BIL skapte mykje med godt tempo, og HaNo braut av og til, men hadde ikkje ballen særleg lenge i laget. Cato kom seg fri midt i omgangen, og reduserte på fint vis. Lars Petter var sist på ballen i eit godt slått Vegard Halkjelsvik-frispark innimellom BIL-skåringane etter pause. Men det rann inn bakover, og det blei tøft å motivere seg for arbeidsoppgåvene, som det heiter. Neste kamp er Mauseidvåg & Solevåg IL onsdag om ei veke.

HaNo (4-4-2): Henrik Åkre- Vegard Halkjelsvik, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Demir Haram-Odd Einar Molnes, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Lars Åkre– Stig Frode Longva, Cato Longva.

Nytta innbyttarar: Håkon Inge Haram, Eivind Fugledal, Steven Haram

17/03-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: