Harøy slått med 5-1
Herrelaget: HaNo-Harøy 5-1. Grassesongen er innvia, og det med solide 5-1 over Harøy. HaNo var eigentleg det laget som ville mest denne kampen. Kampen låg og bikka i starten av 2. omgang, og dei store siffera lyg litt.
05.04.10, Rogne stadion.
Kampfakta:
HaNo-Harøy 5-1 (2-0)
Mål:
1-0 Sjølvmål, Thomas Steinshamn (8)
2-0 Stig Erik Nogva (25)
2-1 Stian Harnes (Str. 52)
3-1 Stig Frode Longva (65)
4-1 Jonas Longva (69)
5-1 Cato Longva (75)
Dommar: Rolf Longva, HaNo.

Det er herlig å spele under tosifra antall grader, sol frå skyfri himmel og gras under knottane. Den kjensla tok HaNo bra med seg på ei tørr, men humpete Rognebane måndag ettermiddag. Harøy IL tok båtturen med eit noko redusert mannskap, men så veldig mange mangla dei ikkje. For HaNo spelte ikkje Michael Austnes, medan Jonas Longva og Stig-Erik Nogva gjorde gjesteopptrednar før dei reiser til sitt etter påske. Dei to sistnemnde får HaNo rett nok bruke seinare i vår.

Sjølvmål først
Thomas Steinshamn skåra eit kjempemål, men dessverre for HIL feil veg. Stig-Erik Nogva dobla leiinga etter eit Cato Longva-innlegg midtvegs i omgangen. Før pause var HaNo det mest hardtarbeidande laget, og hadde eigentleg overtaket. Stian Harnes kom eit par gongar rundt på kanten, men få mottakarar til innlegga.

Avgjorde midtvegs
Harøy revansjerte den dårlege omgangen med å starte friskast i starten av den andre. Christian Myklebust blei felt og dermed straffe til Harøy. Stian Harnes skåra sikkert, sjølv om Henrik Åkre gjetta rett veg. Eivind Harnes skaut like over på stillinga 2-1, men i staden var det HaNo som svarte. Stig Frode Longva kom rett frå benken og inn og la på til 3-1 etter ein dødballsituasjon. 4-1 avgjer kampen, og her fungerte det godt: Lars Petter Haram opp til Cato Longva, støttepasning til Nogva, som la inn til Jonas Longva, som skåra ved bakerste stolpe. Lars Petter dominerte i andre omgang, og han heada eit presist Vegard Halkjelsvik-hjørnespark i ryggen på Cato og i mål kvarteret før slutt.

Siste test
5-1 blei dermed i overkant etter spel og sjansar, men HaNo skal ha ros for god jobbing, og at dei ville meir enn Harøy. Fredag 30. april møtest dei igjen på Nordøy stadion, og då skal det kjempast om poeng. Dette var siste test før seriestart, som er eit anna lokaloppgjer: HaNo-Lepsøy går onsdag 14. april på Nordøy stadion. HaNo har lagt bak seg åtte treningskampar (4 sigrar, 4 tap).


HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre-, Kristian Kalvøy, Kenneth Ulla, Per Kristian Klokk, Demir Haram- - Odd Einar Molnes, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik – Stig Frode Longva, Cato Longva.

Nytta innbyttarar: Stig Frode Longva, Jonas Longva, Eivind Fugledal, Mads Uri, Steven Haram, Sindre Longva.

05/04-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: