Herrelaget slo Giske
Giske-HaNo 2-4. Lars Petter Haram, Michael Austnes og Cato Longva tok HaNo opp i 3-0 leiing fĂžr pause. Cato auka til 4, fĂžr Giske kom meir med mot slutten og reduserte to gongar. No med referat og bilete
Tre poeng mot Giske

5. div
Giske – HaNo 2-4 (0-3)
Giske Stadion

0-1 Lars Petter Haram (26)
0-2 Michael Austnes (35)
0-3 Cato Longva (39)
0-4 Cato Longva (62)
1-4 Anders Veddegjerde (straffe - 70)
2-4 Ein Giskespelar (78)
Dommar: ,

Stjerner HaNo:
* Asgeir Nogva
** Åge Flem Ulla
*** Jonas Longva

Onsdag var HaNo sitt herrelag pÄ Þya-vitjing pÄ Giske Stadion. Etter siger heime mot Stranda2 i helga var det eit HaNo-lag med favorittstempel som mÞtte eit ungt Giske-lag som berre har ein siger hittil i sesongen, og det skulle syne seg at HaNo-spelarane takla presset som eit favorittstempel ofte etterlet seg.

Av: Tor Gunnar Standal

HaNo kom best i gong i solskinet pÄ Giske og styrte kampen i heile fÞrsteomgangen. Likevel vart det lite store sjansar det fÞrste kvarteret, dÄ den siste pasninga mangla presisjon, noko som den ujamne bana mÄ ta ein del av skulda for. I ein 4-3-3 formasjon spelte HaNo seg til den eine innleggsmuligheita etter den andre, men enten vart innlegget for upresist, eller sÄ vart avslutninga for svak. HÞgdepunktet for mange det fÞrste kvarteret var nok dÄ Michael pÄpeika til Kenneth H pÄ sidelina at den nyaste DOF-bÄten passerte sÞrover pÄ Valderhaugfjorden.

BĂ„de Cato og Asgeir hadde sjansen til Ă„ gi HaNo leiinga, men det var Lars Petter som ordna velfortent leiing dĂ„ han stonga eit krĂ„spark sikkert i mĂ„l. Og etter dette losna det litt for HaNo. FĂžrst hadde Odd Einar sjansen til Ă„ auke, men avslutninga Ă„leine med keeper gjekk utanfor. Like etter la Michael pĂ„ til 0-2 dĂ„ han raga hĂžgast i feltet etter eit krĂ„spark frĂ„ Vegard. Deretter var det Cato som fekk ĂŠra av Ă„ skĂ„re dagens finaste, dĂ„ han vart vakkert frispelt av Åge og putta sikkert Ă„leine med keeper. To minutt fĂžr pause hadde Giske dagens fĂžrste skot pĂ„ mĂ„l, men det skapte ikkje dei store vanskane for Henrik. Omgangen vart avslutta med fleire store HaNo-sjansar, men Giske-keeperen og tverrstolpen hindra stĂžrre HaNo-leiing til pause.

Andre omgang opna omlag slik som den fĂžrste avslutta. Etter at bĂ„de Cato, Lars Petter og Asgeir hadde store sjansar til Ă„ auke leiinga var det fortjent dĂ„ Cato skĂ„ra sitt andre for dagen, nok ein gong etter fint forarbeid frĂ„ Åge. Etter dette opna kampen seg opp, og Giske kom meir med i spelet. HaNo var farlege pĂ„ kontringar, og sĂŠrleg Jonas pĂ„ hĂžgrebacken var aktiv og pĂ„ konstant lĂžp pĂ„ hĂžgresida, og skapte fleire gode muligheiter ved fikse kombinasjonar. Jonas skal vere med resten av vĂ„rsesongen og synte seg som ei god forsterkning pĂ„ Giske. Men Giske si fĂžrste redusering kom etter at ballen spratt opp i handa til Jonas. Kampen sin gode dommar meinte at handa var i ein «unaturlig posisjon», og frĂ„ 11-metermerket gjorde rutinerte Anders Veddegjerde ingen feil.

Etter dette hadde HaNo fleire store sjansar til Ä auke leiinga, men i staden var det Giske som nok ein gong kunne redusere dÄ dei utnytta ein uryddig bakre firer hjÄ HaNo. BÄde Cato og Stig Frode hadde sjansar til Ä auke sigeren, men kampen ebba etter kvart ut med ein fortjent 4-2 siger til HaNo. Etter kampen var trenar Odd Einar godt nÞgd med at laget fungerte fint i sin 4-3-3 formasjon, men litt skuffa over at det ikkje vart fleire HaNo-mÄl. Og han var og nÞgd med Ä ha Jonas attende i laget; «Kjekt Ä ha ein sÄ offensiv og innsatsvillig back som han var i dag».


HaNo:
Henrik Åkre
Jonas Longva
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Demir Haram
Vegard Halkjelsvik
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Cato Longva
Asgeir Nogva

Nytta innbytarar:
Stig Frode Longva
Kristian KalvĂžy

13/05-10
Av: Odd Einar Molnes






Jonas Longva, attende med brask og bram, og dagens beste HaNo-spelar.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: