Bergheim berga HaNo
|
2-0 og full pott mot Ărsta for HaNo denne sesongen. La det likevel vere sagt med ein gong: Det var eit av tidenes ran vi var vitne til pĂ„ Ărsta stadion denne gongen. Men det er mĂ„la som tel, og i tillegg til at fru Fortuna var pĂ„ dei blĂ„ si side, sĂ„ var forsvar-og mĂ„lvaktspelet av godt kaliber denne gongen.
|
Poengran i Ărsta:
Bergheim berga HaNo
4. divisjon:
Ărsta-HaNo 0-2 (0-2)
MÄl:
0-1 Sondre Steen (14)
0-2 Stig Frode Longva (42)
Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven.
Juryens dom:
3 poeng: Michael Austnes
2 poeng: Ăystein Bergheim
1 poeng: Kenneth Ulla
I tillegg skal ein gi ros til angriparane som skĂ„ra to mĂ„l pĂ„ berre fire mĂ„lsjansar. Ărsta opna best med fleire halvsjansar, men det var HaNo som tok leiinga. Eit langt innkast blir stussa bak i feltet, og Sondre Steen plasserer ballen sikkert forbi mĂ„lvakta. Akkurat den opninga HaNo trengte.
MĂ„la som telâŠ
Ărsta slo langt mot Hallgeir Aam, dei greidde Ă„ bruke kantane, og i starten av fĂžrste omgang herja heimelaget spelemessig med HaNo. Men ingenting resulterte i skĂ„ringar. Treverket redda HaNo ein gong, medan Ăystein Bergheim avverga G16-landslagsspelar Espen Standal sitt forsĂžk pĂ„ glimrande vis. Aam og Standal fekk nye store sjansar, men blei etter kvart meir frustrerte. Michael Austnes vann om lag samtlige duellar mot Aam den siste timen av kampen. I staden for heimeleiing gjer HaNo sitt andre. Totalt mot spelets gong, men angrepet var flott. Lars Petter Haram gĂ„r pĂ„ lĂžp, forserer forbi to mann pĂ„ venstresida. Legg flott inn til Aleksander Eide, som headar, og Stig Frode Longva er sist pĂ„ ballen. Tre minutt fĂžr pause, eit perfekt tidspunkt for ei ny skĂ„ring!
- Min artigaste kamp
Andre omgang opna med at HaNo greidde Ă„ halde litt meir i ballen. Men det gjekk ikkje lang tid fĂžr vertane festa grepet og det pĂ„ nytt blei heitt rundt Ăžyrene pĂ„ Bergheim. I det 7. minutt mĂ„tte han igjen gjere ei ypperlig redning. Standal skaut pĂ„ nytt minuttet etter, men Bergheim stengte buret. HaNo kom sĂ„ meir med igjen, fĂžr Ărsta fyrte i tverrliggaren midt i omgangen. Stig Frode Longva kunne gjort 0-3 pĂ„ ei kontring, men avslutninga gjekk i nettveggen. Stig Erik Nogva hadde ogsĂ„ sjansen Ă„ skĂ„re, men skotet gjekk rett utanfor. Ein svĂŠrt nĂžgd og letta mĂ„lvakt Bergheim gjorde ei ny kjemperedning rett fĂžr slutt, og oppsummerte slik: - Ein del Ă„ gjere i dag ja, men nĂ„r det endar med tre poeng, sĂ„ er dette sikkert den artigaste kampen eg har vore med pĂ„!
Mistar mange
HaNo fĂ„r eit relativt tett program framover. Mange spelarar reiste i sommar, og ytterligare tre mann spelte denne kampen fĂžr dei reiser attende til studier andre stader i landet eller skiftar klubb. Troppa er minimal, men dette var nok ei viktig vitamininnsprĂžyting for gjengen som blir att dei siste to mĂ„nadane av sesongen. Gutespelar Eirik Flem Slyngstad spelte sine fĂžrste seniorminutt, og gjorde ein god jobb. Heimekampen mot eit formsterkt Ărskog komande torsdag blir neste utfordring for dei blĂ„.
HaNo (4-4-2)
Ăystein Bergheim- Preben Lorgen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, VebjĂžrn Steen- Odd Einar Molnes, Cato Longva, Lars Petter Haram, Sondre Steen- Aleksander Eide, Stig Frode Longva.
Nytta innbyttarar: Stig Erik Nogva, Kent Inge Klokk, Eirik Flem Slyngstad.
|