TĂžff kamp mot BIL for 7-arlaget
Det enda med 9-1 til BrattvÄg over HaNo i torsdagskveldens oppgjer i 7-arserien. Dermed hevna BIL tapet i 5. divisjon frÄ i gÄr.
7-ar, BrattvÄg stadion 27.05.10:
BrattvÄg-HaNo 9-1 (4-0)
MÄl HaNo: Kent Inge Klokk (midt i andre omgang)

Det blei ein tÞff kamp for HaNo mot dei rutinerte og ballsikre BIL-spelarane. Dermed hevn for BrattvÄg IL frÄ dagen fÞr, der HaNo gjekk seirande ut av 5.divisjonskampen. Neste veke er det spelefri for 7-arlaget. Neste kamp er 8.juni mot GodÞy pÄ heimebane.

HaNo stilte med desse: Steven Saure (ikkje Haram, som eg har drive og skrive), Kent Inge Klokk, Stian Longva, Preben Lorgen, Sindre Longva, Mads Uri, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Eivind Fugledal, Michael Austnes, Svein Johan Nogva.

27/05-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: