HaNo heldt nullen og vann
HaNo-Aksla 5-0 Cato Longva skåra to før pause, medan Preben Lorgen auka til 3-0 før pause med ei kjempeskåring i HaNo-comebacket sitt. Asgeir Nogva og Michael Austnes la på til 4 og 5-0 i andre omgang.
02.06.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo-Aksla 5-0 (3-0)
Mål:
1-0 Cato Longva (7)
2-0 Cato Longva (25)
3-0 Preben Lorgen (34)
4-0 Asgeir Nogva (73)
5-0 Michael Austnes (86)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg

Dagens HaNo-spelar: Jonas Longva
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jonas Longva
2 poeng: Per Kristian Klokk
1 poeng Michael Austnes

HaNo har ikkje heldt nullen sidan seriestarten i april i fjor i seriesamanheng, og det smakte godt. – Kjekt å spele når vi opptrer som i dag bak i forsvaret der, meinte kaptein og midtstoppar Per Kristian Klokk etter kampen. Saman med målvakt Henrik Åkre og stopparkollega Michael Austnes i spissen, stengde dei for særleg med Aksla-forsøk denne kampen, og berre to målsjansar i mot er godkjent.

Lorgen med comeback-perle
Cato Longva tok HaNo i føringa då han gjorde ein god prestasjon gjennom å halde ein volley under tverrliggaren etter sju minutt. Han var også sist på 2-0, der Per Kristian Klokk heada eit presist Vegard Halkjelsvik-hjørnespark vidare inn i feltet. Preben Lorgen er attende i moderklubben sin etter opphald i Herd, og krona comebacket med eit kjempeskot over målvakta frå 25 meter. 3-0 til pause var bra og temmeleg effektivt også. Kenneth Ulla (med hovudet) og Halkjelsvik (langskot) var nærmast til å auke for aggressive og til dels velspelande vertar før pause. Men det var ikkje heilt fritt for rusk i maskineriet. I pausen blei kynisme i farlege posisjonar omtalt. HaNo mista ofte og lett ballen på veg framover i bana.

Solid siger
Aksla hang periodevis godt med i banespelet, og i starten av andre omgang la dei om til tre framme, men HaNo greidde og stå i mot det også ganske så bra. Cato hadde lyst å skåre meir, men to gongar i stengene var det nærmaste han kom i andre omgang. Asgeir Nogva kriga inn eit noko pussig fjerdemål, medan Michael Austnes nok ein gong skåra på dødball. Hans tredje for året, etter eit hardt innlegg/skot frå Per Jarle Fjørtoft. Det enda med 5-0, og HaNo har omsider pluss i målskilnad. 15 poeng er sanka mot dei fem nedste på tabellen. No ventar Stordal, Ravn og MSIL i tur og orden. Då skal HaNo plukke poeng mot øvre halvdel-lag også:)

PS! Gutespelar og 16 år gamle Sindre Longva har gjort unna HaNo-debuten i vinter. I kveld mot Aksla kom seriedebuten. Han var dermed også delaktig i å halde buret reint med sine 25 minutt på bana.

HaNo (4-3-3):
Henrik Åkre- Preben Lorgen, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Demir Haram- Jonas Longva, Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram– Cato Longva, Kenneth Ulla, Lars Åkre.

Nytta innbyttarar: Asgeir Nogva, Åge Flem Ulla, Kristian Kalvøy, Sindre Longva, Per Jarle Fjørtoft, Odd Einar Molnes, Steven Saure.

02/06-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: