HaNo-Ravn, herrekamp på fredag
HaNo tek i mot Ravn på fredag kl 1825 på Nordøy stadion. Begge laga treng tre poeng for å henge med i toppen.
5. div avd 1: HaNo-Ravn
Tid: Fredag 18.juni kl 1825
Stadion: Nordøy stadion
Dommar: Odd-Arne Grande, Skodje.

HaNo sine 5 siste (HaNo-mål står først)
8.mai Stranda2 3-2
12.mai Giske 4-2
18.mai Emblem 3-4
26.mai Brattvåg2 2-1
2.juni HaNo-Aksla 5-0

HaNo-troppa:
Henrik Åkre
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Per Jarle Fjørtoft
Erlend Hagen
Audun Steen

Brattvåg2 har trekt seg, og tabellen er oppdatert med at ei rekkje lag har mista tre poeng. HaNo ligg eitt poeng framfor Ravn, som har sigrar mot Stranda2, Aksla og Lepsøy. Dei har sterke 1-1 borte mot Emblem, og også ein uavgjort mot Stordal. Erlend Fjørtoft sine menn spelte godt mot Harøy forrige serierunde, men billege baklengs gav siger til topplaget Harøy i staden.

HaNo har hatt ei lang kamppause no, og går inn i ein hektisk sluttfase av vårsesongen. Ravn fredag, MSIL 23. juni, Stordal 26. juni og Lepsøy 30. juni. Alle dei tre siste på bortebane. Men fordelen er at HaNo har ein del og plukke av om dagen, og relativt skadefri tropp også.

Runden no er i gang, utanom HaNo-Ravn og Emblem-Aksla. Sistnemnde kamp endar normalt med heimesiger, men Aksla er variable og kan glimte til, slik dei gjorde mot Hessa.

lørdag 12.06.2010 Harøy-MSIL 1-2
onsdag 16.06.2010 Hessa-Lepsøy 14-2
onsdag 16.06.2010 Stordal-Giske 5-3
fredag 18.06.2010 HaNo-Ravn
søndag 20.06.2010 Emblem-Aksla





17/06-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: