Harøy vann spennande lokaloppgjer
HaNo beit godt frå seg i førsteomgangen, medan Harøy skåra dei avgjerande måla i andre omgang. Stig Erik Nogva og Per Kristian Klokk skåra for HaNo som fekk seg nokre spelemessige oppturar trass i null poeng med heim.

5. div. avd 1, 11.08.10, Harøy stadion.
Kampfakta:
Harøy- HaNo 4-2 (1-1)
Mål:
0-1 Stig Erik Nogva (13)
1-1 Stian Harnes (25)
2-1 Stian Harnes (str. 46)
3-1 Morten Håheim (58)
3-2 Per Kristian Klokk (73)
4-2 Morten Håheim (87)
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Asgeir Nogva
2 poeng: Stig Erik Nogva
1 poeng: Sindre Longva
Gult, HaNo: Per Kristian Klokk.

Begge lag opna med god offensiv fotball, og Stian Harnes testa skotfoten allereie etter fire minutt. Aktive og gode Asgeir Nogva skaut like etter over etter at Stig Erik Nogva hadde ein av sine svært mange gode gjenvinningar høgt oppe på bana. Nogva tok HaNo i leiinga på eit hardt og lavt skot forbi Arve Myklebust etter 13 minutt.

Superredning
Harnes utlikna for Harøy halvvegs i omgangen etter gjennomspel frå superveteran Morten Håheim (45). Men like før skåringa kom kanskje augneblinken sett med HaNo-auge: Sindre Longva si enorme refleksredning på eit Harnes-frispark. HaNo hadde trykket i slutten av omgangen med fem hjørnespark, men det ebba ut med likt til pause.

Marerittstart
HaNo var nøgd med førsteomgangen der ein produserte ok med mulegheiter, samt frustrerte harøyingane som hadde ein dårleg tone i laget. Tonen deira fekk ein annan pip allereie etter eitt minutt av andre omgang. Stian Harnes blei felt, og putta sjølv straffa sikkert i mål. Ein knølete situasjon, men visstnok korrekt idømt. Det blei eit langt HaNo-bombadement like etter, men ingen utlikning i målprotokollen. John Andreas Husøy forserte og skaut i tverrliggar rett etter. Neste Harøy-kontring gav derimot resultat då Stian Myklebust fann Håheim, som heada sikkert i mål til 3-1.

Prøvde
Løpet var ikkje køyrt, og HaNo skal ha for å kjempe seg tilbake. Per Kristian Klokk krangla inn 2-3 redusering på hjørnespark, og Cato Longva blei felt som sistemann av Harald Åge Nielsen etter dette. Dessverre kun gult for HIL-forsvararen, og frisparket frå 17 meter blei det lite av. I staden skåra Håheim sitt andre for kvelden, og dermed 4-2. HaNo hadde kjempesjansar også etter dette, og må berre ta det med seg til kampen mot Stranda2 allereie laurdag.

PS! HaNo brukar mykje folk og varierer mykje med mannskapet. Mannskapsmangelen på tampen i vår blei synleggjort med heile 7 endringar i startellevaren i forhold til siste kamp i vår! Og av dei som spelte i går blir ikkje Jonas, Sondre, Stig Erik og Audun særleg med framover pga skulegong i store norske byar litt lenger enn ein ferjetur i frå.

HaNo (4-3-3)
Sindre Longva- Jonas Longva, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram –Åge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik, Sondre Steen- Cato Longva, Stig Erik Nogva, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttara: Audun Steen, Odd Einar Molnes, Stig Frode Longva.

11/08-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: