Herrelaget møter Stranda2
Også karane kryssar fjordstrok innover og vil forsøke og hente poeng på laurdag. Herrelaget reiser til Stranda for å møte deira nest beste.
5. div avd 1: Stranda2-HaNo
Tid: Laurdag 14.aug kl 1300
Stadion: Mona kunstgras
Dommar: Rolf Eldevik, Ellingsøy.

HaNo sine 5 siste (HaNo-mål står først)
11.8.Harøy (b) 2-4
30.6 Lepsøy (b) 0-3
26.6 Stordal (b) 2-5
23.6 MSIL (b) 1-2
18.6 Ravn (h) 2-1

HaNo har kapra få poeng dei siste kampane. HaNo spelar sin femte bortekamp på rad i serien, og må også få dette femte forsøket på å hente poeng med heimatt.

Stallen blir tynn framover av dei spelarane vi har hatt med oss i vinter og vår. Jonas Longva, Stig Erik Nogva, Audun, Sondre og Vebjørn Steen skal attende på skule. Dei tre sistnemnde blir med mot Stranda. Per Kristian Klokk sonar karantene (3 gule). Preben Lorgen er tilbake i forhold til sist, det same er Kristian Kalvøy.

Tropp:

Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva
Sondre Steen
Vebjørn Steen
Audun Steen

13/08-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: