Endeleg heimekamp igjen!
Onsdag: HaNo-Giske kl 1830 på Nordøy stadion.
Etter fem kampar borte skal HaNo møte Giske på heimebane på onsdag. HaNo går for siger i ein kamp der Kristian Furnes gjer sin HaNo-debut.
5. div avd 1: HaNo-Giske
Tid: Onsdag 25.aug kl 1830
Stadion: Nordøy
Dommar: Odd-Erik Svindseth, FK Sykkylven.

HaNo sine 5 siste (HaNo-mål står først)
14.8 Stranda2 (b) 4-2
11.8.Harøy (b) 2-4
30.6 Lepsøy (b) 0-3
26.6 Stordal (b) 2-5
23.6 MSIL (b) 1-2

HaNo har spelt heile fem kampar på bortebane på rad, og endeleg er det klart for kamp igjen på Nordøy stadion. Vi har sagt farvel til sommarvikarane våre, og no er det haustlaget til HaNo som skal sørgje for poenga framover. I tillegg til at Per Jarle igjen er i troppa, mønstrer HaNo gutespelarane Sindre, Håkon og Robin til denne kampen. Ei god forsterking er uansett Kristian Furnes, som startar på høgreback i sin HaNo-seriedebut. Han kom over frå Norborg denne veka her.

Giske varierer i sine prestasjonar. Dei har to trepoengarar, mot Lepsøy og seinast forrige veke mot Harøy (4-3).

HaNo-troppa:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Robin Vindsnes Haram
Håkon Haram

Runden i 5. div avd 1 er slik denne veka (med hanofk.no sine tips i parantes)

Søndag Lepsøy-Aksla 4-3
Tysdag Ravn-Stranda2 (H)
Onsdag HaNo-Giske (H)
Onsdag MSIL-Stordal (U)
Onsdag Harøy-Emblem (B)

MSIL leiar tabellen og er i førarsetet mot Emblem. Men det kan bli endringar i dag. Stordal kan overraske MSIL, som har ein tendens til å snuble når det drar seg til. Emblem blir sterkast på Harøya, der heimelaget dessverre er svekka mannskapsmessig om dagen. Men om forsvaret held tett, og Håheim/Harnes held fram og skåre, så kan det bli tøft for Emblem også.

24/08-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: