Poengdeling i spennande oppgjer
|
Aksla-HaNo 2-2.
HaNo hadde svÊrt mange mÄlsjansar i sin gode andreomgang, men dÄ mÄla let vente pÄ seg kontra Aksla pÄ farleg vis og skapte gode mÄlsjansar dei ogsÄ. Slik sett greitt med uavgjort etter spel og sjansar.
|
5. div. avd 1, 15.9.10, Ratvika stadion.
Kampfakta:
Aksla-HaNo 2-2 (1-0)
MÄl:
1-0 (32)
1-1 Odd Einar Molnes (51)
2-1 (58)
2-2 Per Jarle FjĂžrtoft (83)
Dommar: Arne Per Andersen, Aafk.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Ă
ge Flem Ulla
2 poeng: Cato Longva
1 poeng: Michael Austnes
HaNo opna uvant godt med tanke pÄ kunstgrasunderlag. Ballen gjekk brukbart frÄ mann til mann, og kantane kom med i spelet, og ein kom til innlegg. Ikkje sÄ mange sjansane skapt, der Per Jarle FjÞrtoft si heading frÄ Vegard Halkjelsvik sitt innlegg var den beste. Aksla tok gradvis over banespelet fÞrste omgang, og HaNo gjorde ikkje godt nok kollektivt arbeid utover i omgangen. Heimelaget heva seg, medan HaNo fekk meir fokus pÄ at det ikkje gjekk sÄ bra, og nÄr kvar spelar dett 10-20 % i kvalitet og innsats blir det mange prosent til saman pÄ eit fotballag. Aksla fekk 1-0 pÄ corner.
Kva skjedde?
Eit heilt anna HaNo-lag kom pÄ bana i andre omgang. Duellane blei vunne, pasningane hadde adresse, og innsats og moral var pÄ eit anna nivÄ. Utlikninga kom ved Odd Einar Molnes som traff halvgodt pÄ eit skot som sneik seg stolpe og inn. HaNo pÞste pÄ, og Per Jarle FjÞrtoft og Cato Longva pÄ topp kom seg stadig til sjansar etter godt spel frÄ bortelaget. Likevel skÄra Aksla til 2-1 etter innlegg, deretter fin dragning og god avslutning frÄ deira slepne hÞgrekant.
Satsa framover
Sjansane og det aggressive spelet til HaNo heldt fram. Teljande resultat blei det dÄ HÄkon Haram la inn til Per Jarle, som endeleg traff med headinga si. Etter dette kunne kampen bikka begge vegar. For publikum blei det intenst og spennande sidan HaNo kriga til seg nye sjansar med sitt offensive 3-4-3 system, medan Aksla kontra skummelt med jamne mellomrom. Difor fortent sluttresultat med uavgjort.
Stordal neste
HaNo plukka endeleg poeng igjen, og kan vere stolt av innsatsen i andre omgang. Til neste kamp, Stordal heime laurdag 25/9, mÄ vi prÞve Ä heve botnnivÄet vÄrt. Vi mÄ snu dei dÄrlege periodane raskare, og fokusere pÄ korleis vi kan heve oss, ikkje grave oss ned i dÄrlege prestasjonar.
HaNo (4-4-2)
Henrik Ă
kre- Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram â Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Ă
ge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik-Cato Longva, Per Jarle FjĂžrtoft.
Nytta innbyttarar: HÄkon Longva Haram, Kristian KalvÞy, Dag Peter Olsen, Olve Steen.
|