Tap mot formsterke Stordal
HaNo var best første halvtimen mot formlaget Stordal, og leia 1-0. Men gultrøyene kom tilbake og vann oppgjeret gjennom at dei var best trena, spelte best ball og skåra på sjansane dei fekk.
5. div. avd 1, 25.9.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo-Stordal 2-3 (1-1)
Mål:
1-0 Cato Longva (16)
1-1 Petter Aksel Kirkebøe (31)
1-2 Geir Marius Øie (55)
1-3 Kenneth Søvik (75)
2-3 Per Jarle Fjørtoft (90+2)
Dommar: Magne J. Krumsvik, Hødd.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Preben Lorgen
2 poeng: Cato Longva
1 poeng: Sindre Longva

HaNo spelte variert og godt første halvtimen av dette oppgjeret. Stordal var ikkje venn med det våte underlaget, og HaNo vann dei fleste førsteduellane, og var også først på andreballane. Høvesvis kom heimelaget fint i angrep. Håkon Haram spelte gjennom spissmakker Cato Longva, og nær 1-0. Målet for Cato kom ikkje lenge etter, då Vegard Halkjelsvik spelte gjennom med ein fin stikkar.

Dessverre blei det utlikning etter at banens beste, Thomas Kirkebøe kom seg fri på høgrekanten, og broder Petter Aksel flikka den inn. Stordal avslutta omgangen best, og starta også den andre omgangen best. Laget verka å vere betre trena enn HaNo, og dei kom seg også spelemessig samstundes som at HaNo ikkje greidde å halde oppe den meget gode kollektive jobbinga heimelaget hadde i starten av kampen. Men HaNo var ikkje heilt vekke. Den siste pasninga gjennom, eller på innlegget blei ikkje presisjonen god nok. Bittert at HaNo ikkje greidde å utnytte at Stordal låg merkeleg høgt med forsvaret til tider. Hadde vi vore dyktige nok her, hadde vi tatt poeng. I staden skallar Geir Marius Øie inn 1-2 på hjørnespark.

1-3 blei dagens gåvepakke frå vertane til gjestane. Først ei horribel pasning bakover, og då mottaket av forsvarsspelaren gir ballen til ein hardtarbeidande Kenneth Søvik, så blir det 1-3. Mads Uri kom inn for HaNo, og eldste års gutespelaren slo ei nydeleg målgjevande pasning til Per Jarle Fjørtoft, som flott heada inn reduseringa. Men den kom så seint at kampens gode dommar Krumsvik bles av kampen på avsparket etter skåringa. HaNo skal ha for jobbinga i dag, innsatsen var god og laget ville vinne duellar. Men vi evna ikkje til slutt.

Ravn tapte mot Harøy i helga, og dermed er det framleis ei muligheit for å passere Haramslaget på tabellen. Då bør dei slåast på Vatneeidet komande onsdag. Litt betring i troppa no om dagen. Lars Petter Haram med att for første gong sidan juni mot Stordal, og Demir Haram kjem tilbake frå karantene til kampen mot Ravn.

HaNo (4-4-2)
Sindre Longva- Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Kristian Kalvøy – Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Åge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik-Cato Longva, Håkon Longva Haram.

Nytta innbyttarar: Lars Petter Haram, Per Jarle Fjørtoft, Mads Uri.

26/09-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: