6. divisjon gjeninnført på Sunnmøre
Sunnmørsposten melder at Hareid sitt forslag om å gjeninnføre 6. divisjon frå hausten 2011 vart vedtatt med 19 mot 17 stemmer under Kretstinget i helga. Dermed blei det også denne gongen jamt med stemmer på Tinget vedkomande 6. divisjon eller ikkje.
Les meir på smp.no her

HaNo vil spele i ei av tre 5. divisjonsavdelingar komande vår. HaNo må då bli mellom dei 3 eller 4 beste for å vere med i \"5. divisjon Haust\". Viss ikkje blir det å spele hausteseongen i \"6. divisjon\". Om alt i Hareid sitt forslag blei vedtatt, blir opprykk/nedrykk slik etter haustsesongen 2011:

- Dei to beste i 5. divisjon haust rykker opp til 4. divisjon 2012.
- Dei to svakaste i 5. divisjon haust rykker ned til 6. divisjon 2012.
- Dei to beste i 6. divisjon haust rykker opp til 5. divisjon 2012.

Kor mange som spelar i 5. divisjon, og dermed kor mange i kvar avdeling, blir ikkje avgjort før påmeldingsfristen går ut i januar. Men mykje tyder på at det blir ein spennande og attraktiv sesong i 5. divisjon 2011!

Les meir på Hareid IL si heimeside her

05/12-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: