HaNo tapte viktig kamp
HaNo hadde nok ein gong sjansen til Ă„ kapre tre poeng pĂ„ heimebane i kampen om Ă„ berge plassen i divisjonen. Men nok ein gong forsvann poenga i sluttminutta etter at laget leia 1 – 0 ved halvtid.
4. divisjon:
HaNo tapte viktig kamp
HaNo – Vigra: 1 - 2 (1– 0)
NordĂžy gras
56 tilskuarar

MĂ„l: 1 – 0 Odd Einar Molnes ( 29 min)
1 – 1 Tommy Roald ( 18 min)
1 – 2 Tommy Roald ( 82 min)

Dommar : OddbjÞrn Hatlehol, BrattvÄg
Gule kort : Michael Austnes, HaNo; Tommy Roald og Alexander Holm, Vigra

Dagens HaNo-spelar: Michael Austnes

Dei elleve utvalde:
Lasse Buck, Ole Lennart Vassbotn, Michael Austnes, Kenneth Ulla, VebjÞrn Steen, Vegard Halkjelsvik, Odd Einar Molnes, Alf KÄre Longva, Asgeir Nogva, Cato Longva og Stig Frode Longva

Desse gjorde sprelske innhopp frÄ benken:
Per Jarle Fjþrtoft og Åge Ulla

HaNo hadde nok ein gong sjansen til Ă„ kapre tre poeng pĂ„ heimebane i kampen om Ă„ berge plassen i divisjonen. Men nok ein gong forsvann poenga i sluttminutta etter at laget leia 1 – 0 ved halvtid. Vigra stod kampen best, ville mest, kriga hardast og hadde gode Tommy Roald pĂ„ midtbana som sleit inn sigersmĂ„let i kamp mot fleire HaNo-forsvarar.

FÞrste omgong vart sjanserik. Begge lag ville framover pÄ bana og begge lag brukte kantane. Det skapte sjansar framfor begge mÄla. Simon GjÞen og Kristian KirkevÄg i angrepet hos gjestane skapte mykje trÞbbel for HaNo-forsvaret. Kenneth Ulla redda eit KirkevÄg-forsÞk pÄ streken, og eit hovudstup enda i stonga. Men det var HaNo som skÄra. Det sÄg noko lettkjÞpt ut dÄ eit frispark frÄ Odd Einar Molnes gjekk forbi alt og alle og rulla i nota ved lengste stolpe. Den burde gjestemÄlvakt Robin RÞrseth ha avverga.

Andre omgong vart ikkje sÄ sjanserik som fÞrste. HaNo skaffa seg eit lite overtak og bÄde Stig Frode Longva og Odd Einar Molnes skaut utanfor pÄ gode tilbod. Og sÄ kom Vigra og Tommy Roald. FÞrst nikka han inn eit billeg frispark frÄ kanten. MÄlvakt Lasse Buch, som elles stod feilfritt i mÄl, var vel pÄ halvdistanse i feltet ved denne skÄringa.

SÄ gjorde Kristian KirkevÄg ein kjempeprestasjon pÄ venstrekanten dÄ han kriga ballen forbi fleire HaNo-spelarar og liggande la inn pÄ hovudet til gode Roald som skÄra mÄl nummer to. I sluttsekunda fekk Per Jarle FjÞrtoft ein gedigen sjanse til Ä utlikne dÄ han fekk ballen nÊrast ferdigskÄra frÄ Asgeir Nogva, men skotet frÄ svÊrt kort hald vart stoppa av foten til mÄlvakt RÞrseth og stonga.

Dermed er HaNo framleis i botnstriden. Laget er ujamt og litt for mange spelarar viser ikkje nok kampglÞd og vinnarvilje. Det viste Vigra siste halvdel av andre omgong. Vilje til Ä ta seg ut, til Ä yte ekstra, avgjer gjerne jamne oppgjer. At lagkaptein og tenar Lars Petter Haram mÄtte stÄ over pÄ grunn av tre gule kort, gjorde heller ikkje situasjonen enklare for HaNo.
Dommar Hatlehol dĂžmde greitt.

Gunnar Standal

22/09-08
Av: Kent Inge Klokk




























5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: