Joakim spelande trenar for HaNo!
Det er med stor glede vi kan slå fast at Joakim Austnes etter 10 år i Aafk og Viking vender tilbake til HaNo FK som spelande hovudtrenar denne sesongen. HaNo har vore i dialog med Joakim sidan lenge før jul, og i kveld blei det endeleg klart at han tar på seg laget fram til i alle fall sommaren 2011.
Hausten er i skrivande stund litt meir uklar pga skulegong lengre vekke for Joakim. At Jokke også skal spele for moderklubben er glitrande.

SUS har gitt signal til spelargruppa sidan lenge før jul om at dei jobbar med denne løysinga, og Joakim ba for lenge sidan om at alle spelarane som vurderte andre klubbar måtte ha is i magen. Der har vi dessverre mista mange, men Joakim er likevel optimist. - Om dei som seier seg villig til å vere med satsar skikkeleg skal vi få eit bra mannskap og eit bra opplegg ut i frå dette, seier han. Den spelande trenaren blir med minst to gongar i veka framover.

Joakim måtte avslutte kontrakta med Viking pga skade, og sportsleg leiing i HaNo er ekstremt godt nøgd med at han valgte å bruke sin kompetanse på HaNo i tida som kjem. Vi håper på oppsving for laget, og HaNo FK ønsker i alle fall Joakim hjarteleg velkomen tilbake til HaNo!

28/01-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: