2 kampar for herrelaget denne veka
|
Herrelaget går ei hektisk veke i møte med kamp både onsdag og søndag. Onsdag går turen til Sjøholt og kamp mot Ørskog, medan vi søndag skal til Uggedalen og møte Vigra.
|
HaNo får nytte godt av ein brei stall denne veka med 2 kampar på 5 dagar og vil nok få gode svar på kor vi ligg an i løypa etter eit par månaders trening. Laget har eit par mann ute med skader men stiller ein sterk tropp i onsdagens kamp. Ørskog har spelt ein kamp hittil i år, 4-2 siger mot søndagens motstandar Vigra, og er nok knappe favorittar i onsdagens kamp mot HaNo. Kampstart på Sjøholt er 1900.
På søndag er det divisjonskollega Vigra som står på motsatt banehalvdel i Uggedalen. Vigra blir nok eit av dei bedre laga i vår avdeling denne sesongen og her spår vi eit jamnt oppgjer. Kampstart er klokka 16 i Uggedalen, dommar blir Bjarte Steinsbu.
|