HaNo - Hødd
Ditta synest underteikna hadde ein veldig fin klang over seg. Hødd er ein storklubb i vår nærheit, men det var HaNo sitt J16 lag som smilte når kampen var over.
Kampen opna litt famlande frå begge lag. Etter 3 minutt spelar Martine opp Elisa som kjem åleine med Hødd sin keeper. Desverre for Elisa og HaNo går ballen i stonga.

Etter 7 minutt er det Hødd som tek første stikk. Dei kombinerer fint på midten, og til slutt er det Hødd sin beste spelar Cecilia Bakke som skyt hardt og kontant opp i hjørnet til høgre for Rebekka i mål. 0-1.

HaNo tek etter kvart over, og 10 minutt seinare er det Martine som ordner balanse i rekneskapen. Skotet frå 15-16 meter fyk i mål over ein utspelt Hødd keeper.

Resten av omgangen er det HaNo som styrer. Vi kjem ikkje til dei fantastiske målsjansane, men vi har spelet.

Etter 29 minutt er det klar for ny heimescoring. Martine spelar fri Elisa som so ofte før, og denne gongen gjer måltjuven ingen feil. 2-1 til heimelaget.

Dette står seg til pause.

3 minutt ut i andre omgang treng ikkje Elisa hjelp i det heile tatt. Ho snappar ballen frå Hødd forsvaret og set den fint i mål. 3-1 til HaNo.

Etter 11 minutt er det Emilie som får ballen so vidt inn på Hødd sin halvdel. Ho skyt frå langt hald, og ballen går via keeper og i mål. 4-1.

5-1 er det Martine som ordner sjølv. Denne gongen er det ho som snapper ballen frå Hødd forsvaret og scorer sikkert.

Malin Fjørtoft var med oss denne kampen og gjorde ein flott figur. Etter 16 minutt av omgangen skyt ho, keeper redder og Albertine er på plass på returen og ordner 6-1.

Etter 20 minutt er det Albertine og Martine som kombinerer fint framfør motstandar sitt mål, og det er Martine som er sist på ballen og fastset sluttresultatet til 7-1.

Det kunne fort vore fleire mål. Minuttet etter Martine si scoring skyt Emilie hardt i stonga.

Rebekka i mål slapp å gjere dei store redningane i denne kampen. Ho er blitt veldig god til å prate til forsvaret sitt, og vart belønna med kapteinsbindet i denne kampen. Fullt fortent.

Forsvaret med Emilie, Ragnhild og Helene holdt veldig høg standard gjennom heile kampen. Dei var veldig \"på\", og tok seg fint av nesten alt som kom.

Midtbana med Martine, Charlotte, Ingrid, Benedikte og Malin var aggressive. Dei hjalp godt til i forsvar og var farlege angriparar gjennom heile kampen.

Angrepet med Elisa og Albertine jobba godt, og det var aldri fred å få for Hødd sitt forsvar.

Ein godt gjennomført kamp av våre jenter. Men utan å bli kjepphøg, eg meiner vi har eit gir eller to til. Det har vorte mykje kamper på jentene i det siste, med Norway Cup og alt.

I dag var det i alle fall slik at vi var nærare å score meir enn Hødd var å redusere.

Hødd dåkke!!

23/08-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: