J16 med bragd.
At HaNo sitt J16 lag er eit godt lag har vi visst lenge, men den prestasjonen dei gjorde i Nordøyhallen i dag var meget imponerande. Herd hadde like mange poeng som oss før kampen, og stillte med eit meget sterkt manskap.
HaNo gjekk rett i strupa på gjestane, og vann blant anna 2 cornera før minuttet var spelt. Vi hadde og fleire avslutninger i dei første par minutta, men det var Herd som scora først.

Med mange HaNospelarar i angrep kontra Herd og sette inn 1-0 på eit fint skot.

Men våre jenter gav seg ikkje. Dei jobba veldig hardt, og i denne tidlige fasen av kampen hadde dei fleire avslutninger både på og utanfor mål. Nokre gjekk utanfor, nokre redda keeper og både Elisa og Martine hadde gode skot som traff stong og tverrliggar.

Det skal og seiast at Herd hadde eit skot i stonga etter 27 minutt.

Etter 29 minutt skyt Elisa i stonga. Malin, for anledninga utlånt frå J14, kranglar til seg ballen høgt oppe på vår venstreside. Ho vinn ett par duellar, og får i veg eit skot som treff Elisa og går i mål. Elisa blir ståande som målscorar, men Malin skal ha mykje av æra for dette målet.

7 minutt seinare får vi indirekte frispark på 10 meter. Ballen blir spelt til Martine, som brukar storslegga og vi leder 2-1.

Vi fortsetter å køyre på, og blant anna er Elisa åleine med keeper i siste minutt av omgangen.

Denne omgangen må vere noko av det argaste underteikna har sett av jentefotball. To meget gode lag som gav alt, og eg er litt stolt over å seie at eg synest vi var det beste laget.

Andre omgang starter på verst mogleg måte for oss. 15 sekund ut i omgangen spring Herd igjennom og scorer.

Herd har ballen mykje i starten av andre omgang, og vi hadde problem med å etablere noko spel på deira halvdel. Underteikna meiner vi forsvarer oss godt, sjølv om Herd kjem til ein del sjanser. Keeper Helene tek det som kjem innafor stengene.

Dagens kaptein Emilie spelte ein stor kamp i forsvar. Ho tenkte vel for seg sjølv at her var det berre å gjere det enkelt. Etter 12 minutt får ho ballen på midtbana, fører to tre meter, og sender i veg eit skot som snik seg i mål oppe i hjørnet. Fantastisk skot. 3-2 til våre jenter.

Dette funka fint tenkte ho 10 minutt seinare og gjer nesten akkurat det same. Får ballen på midtbana, og sender i veg eit skot. Ballen går denne gong via tverrliggar og inn bak ein svært god Herd keeper.

Nervane på sidelinja kom klart fram når Herd skaut via ein HaNospelar og i mål og det var 7 minutt igjen av kampen.

Taktisk kloke HaNojenter heldt haudet kaldt resten av kampen, og vann toppkampen i første divisjon med 4-3.

Korleis skal ein oppsumere dette.

Helene gjorde ein god jobb i mål i Rebekka sitt skadefråver. I forsvar var Emilie og Ragnhild bestemte og gode, og rydda opp i stor stil. Dei var og med i angrep, og Emilie, dagens kaptein, scora 2 flotte mål.

Charlotte spelte og litt i forsvar, og gjorde ein kanonjobb. Ho spelte og kant, og avslutta sentralt på bana. Innsats er ikkje mangelvare der i garden. Stor kamp av Charlotte.

Martine hadde på seg to til tre svært gode motspelarar. Ho jobba og sleit på sedvanlig vis utan å få so mykje rom som ho er vand med. Likevel vann ho baller, spelte fine pasninger, takla og skaut. Kjempekamp av Martine.

Ingrid, Benedikte og Malin jobba hardt på midtbana, og det var veldig kjekt at vi greidde ganske ofte å vinne ball høgt i bana. God kamp av alle 3.

På topp er det Elisa og Albertine som spelar. Dei jobba begge to hardt, og vann mykje baller. Elisa fekk notert eit mål, og Albertine hadde og sine sjanser.

Desse jentene sluttar aldri å imponere meg. På oppvarming hadde vi ein øvelse vi kaller Tottenham. Når eg såg måten dei utførte den øvelsen begynte eg å lukte lunta. Her var det noko på gong. Det var engasjement, konsentrasjon og lyd frå første oppvarmingsbevegelse.

Vi sa før kamp at i dag skulle vi spele mot eit svært godt lag, men vi måtte ikkje gløyme at det skulle Herd og.

Eit SVÆRT godt lag.


15/09-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: