J16 nekter å tape
Hareid kom til Nordøyhallen med eit godt lag laurdag. I åpninga av kampen hadde dei ballen klart mest, og det var dei som scora første målet.
Hareid vart ikkje dårligare utover i kampen, men HaNo vart bedre.
Det var Hareid som opna best i laurdagens kamp i Nordøyhallen. Dei spelte seg ikkje til dei kjempestore sjansane, men dei hadde ballen mykje.

Etter 15 minutt er det to Hareidspelarar som sagar seg gjennom forsvaret til HaNo, og det er nr 10 Kathleen Lorenzo Alstadsæther som pirkar ballen via stonga og i mål. Fint spelemål av Hareid.

I denne perioda slit vi med forskjellig. Vi blir fryktelig baktunge, og vi kjem alt for seint opp i motspelarar med ball. Trenarapparatet på sidelinja er bekymra.

Men so tek HaNo sine jenter tak. Martine, dagens store servitør, får ballen på midtbana. Ho spelar ballen, ganske vanskelig forresten, fram til Albertine. Ho fer oss til å minnast gode gamle Stø Leif. Han sa to ting. Tverrvend og skyt, og skyt du hardt nok og langt nok opp i krysset, blir det mål.

Albertine gjorde akkurat dette. Ho dempa ballen på mesterlig vis, tverrvende, og skaut. Hardt tungt skot heilt oppe i krysset. Fantastisk scoring. 1-1.

4 minutt seinare er det Martine som serverer igjen. Nok ein gong er det Albertine som er mottaker. Ho får ballen litt til høgre for mål, og trillar ballen i nettet. 2-1 til HaNo etter 24 minutt.

Etter 35 minutt er det Helene som serverer, og Martine som blir servert. HaNo spelar seg framover på bana frå forsvar, og Martine får ballen midt på Hareid sin halvdel. Ho spelar til Helene, som på eit touch spelar ballen tilbake til Martine. Ho trillar ballen i mål ute ved stolperota, bak ein god Hareidkeeper.

I denne perioda er HaNo verkeleg gode. Forsvaret, med Rebekka, Emilie, Ragnhild og Charlotte held tett bakover på trygt vis. Midtbana med Tea, Benedikte, Ingrid, Martine og Helene er i tillegg til godt angrepsvåpen, eit godt forsvarsledd i laget. Spissane våre, Albertine og Elisa riv og slit på topp, og hjelper også til heim når det er nødvendig.

Etter 37 minutt kjem kampens høgdepunkt. Ragnhild vinn ballen i forsvar. Ballen blir spelt litt fram og tilbake i HaNolaget, før den endar opp hos Martine. I mellomtida har Ragnhild lagt ut på eit 40 meters løp frå eige forsvar. Ho kjem inn på bakerste stolpe, og pasninga frå Martine er perfekt. Ragnhild spring den i mål, og HaNo leder 4-1 til pause. Festfotball, skreiv underteikna i blokka si etter dette angrepet.

I andre omgang er det HaNo som opnar best. Vi har spelt berre 3 minutt når Martine vinn ballen på eigen 8 meter. Ho set fart framover, og sender i veg ett skot/ei pasning som Elisa sovidt får tåa på. Hareid sin gode keeper er utspelt og det står 5-1 til våre jenter.

No blir alt liksom litt roligare. Det er framleis HaNo som styrer kampen, men Hareid har og ballen ein del utan å kome til dei kjempestore sjansane. Det næraste er vel Martine sitt skot som treff tverrliggaren etter 18 minutt.

Mot slutten er det Hareid som har tatt føringa på bana, og etter 36 minutt er det Anne Liv Holstad som spring igjennom og scorer kampens siste mål.

Alt i alt må ein seie det var ein god kamp av HaNo. I alle fall mesteparten av kampen. Når vi fekk ordna litt opp i avstander, spesielt forsvarsmessig, vart vi vanskeligare å spele mot. Og når vi fekk fart på ballen, hang ikkje Hareid heilt med.

Underteikna og dagens bursdagsbarn Lidvar (han vart 30 i år og) hadde litt nervar i starten av kampen, men det var før vi fann ut, som så mange gonger før, kva som verkeleg bor i dette laget.

Klasse. Pur klasse.

HaNo: Rebekka, Emilie, Ragnhild, Charlotte, Tea (heime på haustferie. Kjempekjekt), Ingrid, Martine, Benedikte, Helene, Elisa og Albertine.


08/10-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: