Tilbake til kvardagen
HaNo sitt J16 lag hadde ei fantastisk veke på Norway Cup i Oslo, men på torsdag var det bortekamp mot Hareid. Vi har rykkt opp til 1 divisjon, og der er det gode lag.
Det var nok litt feriemodus over det jentene hadde føre seg i starten av kampen. Hareid viste seg å vere eit godt teknisk lag, og dei hadde ballen mykje i starten av kampen. Men dei kom ikkje til dei heilt store sjansane, takka vere eit godt HaNo forsvar.

Våre jenter var meir framoverretta i sitt spel, og etter 9 minutt skulle det vise seg å vere bra. Emilie blir med Martine framover i bana, og desse to sagar seg gjennom heile Hareidlaget. Det er Martine som er sist på ballen. Ho skyt hardt og lavt, og HaNo leder 1-0.

No bølgjer spelet litt meir fram og tilbake, og i denne perioden har Hareid eit skot som snitrar stonga på veg utanfor.

Men nok ein gong er det våre jenter som viser seg effektive. Elisa spelar ballen fint til Martine som nok ein gong skyt hardt og lavt, og ein god Hareid keeper er nok ein gong utspelt. 2-0 til HaNo etter 24 minutt.

Martine har og eit skot i tverra i denne perioden, og det er våre jenter som er best i den perioden som no fylgjer.

Etter 28 minutt er det klabb og babb i feltet. Ragnhild har tatt turen opp frå sin back, og ballen ruller fint til ho. Ho skyt, treff Albertine i ryggen, og ballen går nok ein gong i mål.

Om vi var 3 mål betre enn Hareid i første omgang? Vi var i alle fall effektive framfor mål, og leia med det til pause.

Hareid har brukt pausa godt. Dei er aggressive, og har ballen mykje på vår halvdel. Etter 9 minutt får ein Hareid spelar ballen på 10 meter, og ho skyt hardt og lavt i mål. Rebekka er sjanselaus på den.

7 minutt seinare snappar ein Hareid spelar opp ballen etter utspel, og ho skyt hardt frå 18-20 meter opp i krysset. So etter 16 minutt står det 3-2 til våre jenter.

Resten av omgangen går spelet fram og tilbake, og underteikna meiner at vi har like mange og like gode sjanser som Hareid til å sette ballen i mål, men resultatet står seg resten av kampen.

Ein kamp som i alle fall fekk testa nervane til foreldre og støtteapparat på sidelinja.

Keeper/forsvar med Rebekka, Emilie, Ragnhild og ei stund Charlotte greidde seg godt kampen igjennom.

Midtbana med Martine, Ingrid, Helene, Benedikte og også her Charlotte var best når dei fekk ned ballen og fekk spele langs bakken segimellom. Dei gjorde og ein god jobb bakover når det var nødvendig.

Angrepet med Elisa og Albertine hadde vanskelige arbeidsforhold mot eit godt Hareidforsvar, men greidde av og til å halde på ballen, eller å vinne innkast/corner høgt i bana.

Oppsumering: Ein brukbar kamp av J16, men vi føler at vi har eit gir til. Vi gler oss til tirsdag.
Då kjem Hødd til Nordøy.


18/08-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: