Heimekamp på mandag for herrelaget!
HaNo sitt herrelag trente idag på ei strålande grasmatte på Nordøy Stadion og er no klar for årets første heimekamp på mandag. Tidspunktet er 1830 og motstandar er Aspøy IL!
HaNo sesongåpna forrige mandag med uavgjort mot Ravn på bortebane etter å ha styrt store delar av kampen. No har vi rista av oss skuffelsen og er svært klare til å entre den grøne grasmatta på Nordøy. HaNo har i år mange nye fjes på laget og trenarteamet har ein stor stall og velge frå til denne kampen. Årets HaNo-kaptein Even Vestavik og dei 16 andre i troppen ser fram til å sparke i gong sesongen på heimebane og er ivrige på å vise heimepublikummet kva som bor i laget. Målet for sesongen er klart: Laget vil kjempe om opprykk. For å klare dette treng vi publikum si støtte og det var svært gledleg å sjå alle dei tilreisande som hadde tatt turen til Vatne i forrige runde. Dette sett vi stor pris på! No håper vi folk på øyane møter opp til heimekamp og støtter oss, så skal vi sørge for underhaldninga på bana!

Vel møtt!

20/04-12
Av: Lars Åkre






Årets HaNo-kaptein Even Vestavik spelar sin første kamp på Nordøy Stadion på nokre år. Her fra sist han var i aksjon for dei blå.


Cato er tilbake i HaNo etter eit år i Norborg


Jan Egil er også ny for året etter 2 år i Brattvåg.



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: