Fortjent siger til HaNo mot HarĂžy
|
HaNo vann onsdag kveld heile 5-1 mot nabo HarÞy pÄ NordÞy Stadion. Alexander Ulla (2), Cato Longva, Preben Lorgen og HÄkon Haram skÄra mÄla for HaNo medan Stian Harnes netta for bortelaget. Ein god kamp av HaNo som endeleg fekk det til Ä lÞsne framfor mÄl.
|
HaNo-HarĂžy 5-1
1-0 (1 min): HÄkon Haram
1-1 (3 min): Stian Harnes
2-1 (25 min): Alexander Ulla
3-1 (55 min): Alexander Ulla
4-1 (70 min): Preben Lorgen
5-1 (88 min): Cato Longva
HaNo:
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Olve Steen
Odd Einar Molnes
Erik Ă
kre
Cato Longva
Jan Egil Ulla
Alexander Ulla
HÄkon Haram
Nytta reservar: Joakim Austnes, Jonas Longva, Demir Haram, Mads Uri, Per Olav Sunde
SpelarbĂžrs:
*** Preben Lorgen
** Alexander Ulla
* Per Kristian Klokk
HaNo hadde fÞr denne kampen berre tatt 5 poeng i Ärets 6 divisjon og som Norborg.com noksÄ treffande oppsummerte, er nok HaNo det laget pÄ sunnmÞre som har underprestert mest denne sesongen. Men sjÞlv om poenga og mÄla har uteblitt har laget i samtlege kampar vore fullt pÄ hÞgde spelemessig og til tider spelt god fotball langs bakken. PÄ onsdag skulle det endeleg lÞsne for HaNo og da gjorde det ikkje noko at motstandarlaget var nabo HarÞy som befinn seg pÄ 2 plass pÄ tabellen.
Mykje stod pĂ„ spel for HaNo fĂžr denne kampen. Laget var heilt avhengig av 6 poeng i dei to siste kampane fĂžr ferien fĂžr i det heile tatt ha noko Ă„ spele fĂžr i haust. Laget gjorde eit par smĂ„ forandringar fra forrige kamp og hadde som vanleg ein brei tropp tilgjengeleg. Joakim Austnes og Jonas Longva er komen heim frĂ„ studie og starta begge pĂ„ benken. Erik Ă
kre var trukken ned i midtbaneleddet og Alexander Ulla starta pÄ topp. Sistnemnde skulle bli heilt avgjerande for HaNo med sine 2 mÄl.
HaNo gjekk rett i angrep frÄ starten av kampen. Allereie etter 20 sekund sett HÄkon Haram ballen i mÄl etter ei strÄlande opprulling langs hÞgrekanten der Cato slÄr ballen pÄ bakerste stolpe. Med leiinga skulle ikkje vare lenge. Like etter fÄr Stian Harnes stÄ aleine pÄ 7 meter etter ein dÞdball og sett enkelt inn utlikninga og kampen hadde fÄtt 2 mÄl allereie etter fÄ minutt av fÞrste omgong. Etter dette tek HaNo meir over og eit solid forsvar med kaptein Per Kristian Klokk i spissen har smÄ problemer med Ä stÄ imot det lille HarÞy skapar. Framover rullar laget opp pÄ begge kantar og framfor mÄl ligg ein mÄlsugen Alexander Ulla og er ein konstant trussel. 2-1 kjem pÄ eit klasseangret der vi rullar opp fra eige forsvar via midtbaneleddet og ut pÄ kant der Odd Einar Molnes slÄr eit av svÊrt mange gode innlegg for dagen. Inne i feltet heng Alexander Ulla hÞgast og headar inn 2-1 frÄ 5 meter. Ei vakker skoring etter eit strÄlande angrep! Jan Egil Ulla og Alexander er fleire gongar nÊre Ä doble leiinga men laga gÄr til pause med 2-1 til heimelaget. Om fÞrste omgong var dominert av heimelaget skulle ogsÄ den andre omgongen bli prega av eit HaNo som pressa hÞgt og som angrip med mange mann. HaNo fossa i angrep med Joakim Austnes, Jan Egil Ulla pÄ kantane og i tillegg kom ein for dagen strÄlande opplagt Preben Lorgen bak fra backen gong etter gong. 3-1 kjem etter at Joakim Austnes kjem fri pÄ venstre kant og slÄr inn til Alexander, som elegant tuppar ballen i mÄl med utsida av hÞgrefoten. Elegant og enkelt av Alex. Etter 70 min kjem dagens hÞgdepunkt pÄ NordÞy Stadion. Preben Lorgen er pÄ eit av sine mange lÞp frÄ sin hÞgre back. Han ser ut til Ä miste ballen pÄ veg framover, men krigar den tilbake pÄ 20 meter og dunkar ballen knallhardt i vinkelen. Eit fantastisk skudd frÄ Preben som stod fram som heimelagets store spelar denne kvelden. Joakim Austnes var farleg frampÄ ved eit par anledningar men den gamle Aafk og Vikingspeleraren var ikkje heilt venn med underlaget pÄ NordÞy Stadion. Like fÞr slutt sett Cato inn 5-1 etter ei kontring og heimelaget kunne endeleg juble for 3 poeng.
Morro for HaNo og kunne vise heimepublikummet kva som bor i laget. Vi som fĂžlger laget pĂ„ trening veit at laget har sĂ„ mykje meir inne enn kva tabellen viser. HaNo har ei enorm breidde i stallen i Ă„r og kvaliteten pĂ„ trening har vore bra i heile vĂ„r. Erik Ă
kre har vore ein nyttig bidragsytar pÄ trening med si erfaring og har jobba mykje med Ä fÄ laget bedre organisert i ein 4-3-3 formasjon. Laget skal ha ros for Ä halde oppe humÞret og trua pÄ det vi held pÄ med, sjÞlv om det har butta imot i vÄrsesongen. No ventar Giske heime pÄ NordÞy neste torsdag og da hÄpe vi publikum nok ein gong vil ta turen for Ä stÞtte oss.
|