ØYFAKTOR 2012
Laurdag 1.september skal vi nok ein gong kåre årets Øyfaktorstjerne!
Alle kan melde seg på, og de kan bidra med det de vil av underhaldning.


For å melde dykk på, kan de sende sms eller ringe til
Kathrine Fjørtoft, mob 95 10 75 75, eller
Odd Henning Austnes, mob 41 66 01 74.

Om det blir for mange påmeldte, tar vi loddtrekning på kven som får vere med å vise bidraget sitt.

Påmeldingsfrist laurdag 25.august.

I fjor vart Øyfaktor ein stor suksess under HaNo-dagane. Med mykje god underhaldning og mykje publikum, vart det ein flott kveld i Nordøyhallen.
Vi håper at vi får det like kjekt i år!!

07/08-12
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: