Vann stort til slutt: 5-1 over Aspøy
HaNo tok leiinga, men Aspøy svarte og var best i 1. omgang. 1-1 til pause blei til 5-1 som sluttresultat, etter ein solid andre omgang på det våte Nordøy-graset.
Nordøy stadion, 6. divisjon
HaNo-Aspøy 5-1 (1-1)
Mål:
1-0 Jan Egil Ulla (9)
1-1 (32)
2-1 Cato Longva (70)
3-1 Jan Egil Ulla (74)
4-1 Cato Longva (80)
5-1 Odd Einar Molnes (89)
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL.

Juryens dom (gitt av trenaren):
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Henrik Åkre
1 poeng: Sindre Longva

Dagens HaNo-spelar: Henrik Åkre.

Insert Bold TextAugneblinken
Då Sindre Longva slo 7 knallharde pasningar til seg sjølv på det våte føret :)

Store endringar
Trenar Preben Lorgen gjorde radikale endringar i startoppstillinga. Sebastian Rogne debuterte i HaNo-trøya. - G16-spelaren gjorde ein veldig god figur på høgreback, seier trenar Lorgen.
- Sindre Longva har vore målvakt, spiss, kant og midtbanespelar hittil i karriera, men måndag kledde han venstrebackrolla på ein framifrå måte, hevda trenaren etter kampen.

Svak før pause
Jan Egil Ulla tok HaNo i leiinga tidleg då han runda keeper. 1-0 og plankekøyring vidare? Nei da. Det rutinerte og velspelande Aspøy-laget kriga seg inn att i oppgjeret, og på ein av fleire hjørnespark sat den til slutt i nota. Heroiske redningar på strek av både Henrik Åkre og Per Kristian Klokk hindra Aspøy-leiing. Frustrerte HaNo-spelarar mista både formasjon og humør denne perioden. Jan Egil kunne gitt HaNo leiinga rett før pause, men lobben gjekk over mål.

Målkalas til slutt
I andre omgang malar HaNo på, og viser heilt andre takter. - Vi mørna dei skikkeleg, og frå 60 minutt og utover er vi steingod, fortel Lorgen. Vi måtte vente til over midtvegs av omgangen før utteljinga kom. Cato Longva skåra sikkert med hovudet på corner til 2-1. Heretter køyrer HaNo over slitne bygutar. Det våte føret gir mange morosame situasjonar for dei fåtallige, men svært aktive tilskodarane på tribuna. Spelarane blei jaga i angrep, og Jan Egil auka til 3-1 etter flott langpasning frå Preben Lorgen. Cato puttar til 4-1, dagens andre og sesongens åttande seriemål. Cato tek på seg servitørrolla rett før slutt med stikkar til Odd Einar Molnes, som rundar ein mann i feltet og set ballen i mål nede i nærmaste hjørne.

Ravn mot opprykk?
Ravn slo HaNo førre helg, og i går Harøy på bortebane med 2-0. Dei er med det i førarsetet med tanke på opprykk. Langevåg2 leiar tabellen, men det ser ut som at Langevåg sitt 4. divisjonslag rykkjer ned i 5. divisjon og hindrar dermed andrelaget sitt i å rykke opp i 5. divisjon. Gjenståande kampar for HaNo og Ravn:

Ravn-Giske
Langevåg2-Ravn
Ravn-Ellingsøy
Aspøy-Ravn

Harøy-HaNo
HaNo-Giske
Langevåg2-HaNo
HaNo-Ellingsøy

Tabellen for 6. divisjonsavdelinga til HaNo ser du ved å trykke her

HaNo (4-3-3)
Henrik Åkre- Sebastian Rogne, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Sindre Longva- Alf-Kåre Longva, Preben Lorgen, Cato Longva, Håkon Haram, Jan Egil Ulla, Odd Einar Molnes.
Nytta innbyttarar: Pedro Silva, Mads Uri, Per Olav Sunde

10/09-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: