HaNo til topps
HaNo sitt old boys - lag vann si eiga turnering i Nordøyhallen laurdag. Skodje vart nr 2, Brattvåg nr 3 og Fjørtoft enda sist.
Etter nokre avbud siste veka, var det 4 lag som møttest til old boys - turnering i Nordøyhallen i helga. Laga spelte enkel serie, og det var heimelaget HaNo som drog det lengste strået. Med ein solid spelarstall, leverte heimelaget den beste fotballen, og vann fortent. Første kampen enda med grei 5-3 siger over Skodje. Mot Fjørtoft var det spennande heilt til slutt, men i siste minutt skåra HaNo og vann 5-4. Mot eit redusert Brattvåg - lag, stod kampen lenge og bikka. HaNo måtte ha poeng for å vere sikra siger i turneringa, men då Ståle Hurlen sette inn 3-2 til Brattvåg i siste minutt, såg det skummelt ut. 10 sekund før slutt sette Jan Egil Ulla inn 3-3, og dermed heimesiger.

Stein Kjerstad, opphaveleg frå Løvsøya, no skodjebygdar, stakk av med to pokalar. Han vart både toppskårar, og kåra til turneringa sin beste spelar.

Eit godt gjennomført turnering. Vi spår ein del folk med artig gange på søndag:)

02/03-13
Av: Kenneth Ulla






God stemning


Fjørtoft mot Brattvåg


Ivar har god kontroll


Viktig med kiosk


Fjørtoft kviler i mellom slaga


Brattvåg mot Skodje











Arvid med barnebarnet Hannah og fortent pokal for 1. plass






5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: