Tap for HaNo damene i treningskamp.
Det rakna litt mot slutten etter ein jamn kamp mot Ravn for HaNo damene i hallen.
Ravn kunne reise heimatt til Vatne med 5-2 over våre damer i hallen i dag.
HaNo: Hanna, Trude, Eli, Amalie, Solveig, Marianne, Veronika, Kamilla, Ane, Iselin,Jeanett og Nathalie.

Det var ein litt uvanleg kamp dette, då det vart spelt åttar fotball. Dette fordi Ravn er påmeldt i niar serien, og HaNo er påmeldt i sjuar serien. Det var derfor enigheit om å spele åttar, og det fungerte greit for begge lag.

Kampen opna jamnt, og det var litt fram og tilbake før Ravn tok leiinga etter eit fint skot frå 10-12 meter. Då var det spelt 6 minutt.

Men HaNo gjekk rett frå løysing og utlikna etter kjempetreff av Marianne Vollan Ulla. Ho fekk ballen på venstresida, drog seg innover i bana og sette ballen kontant i vinkelen.

I andre omgang (det vart spelt 4 omganger à 20 minutt) var det nok ein gong Ravn som tok leiinga etter innlegg frå høgre etter 26 minutt. Men nok ein gong kom HaNo damene tilbake, og etter 36 minutt krangla Kamilla Standal seg gjennom Ravn forsvaret, og ho gjorde ingen feil åleine med Ravn sin keeper, og vi var like langt.

Rett før timen var spelt, i det 58 minutt, scora Ravn igjen etter eit fint langskot.

I siste omgang greidde Ravn å tilrive seg eit lite spelemessig overtak, og etter litt rot i HaNo forsvaret greidde dei å score to ganger til, og dermed vann Ravn i grunnen ganske fortent 5-2.

Forsvarsmessig fungerte det stort sett greit for våre damer, med bra komunikasjon, og greie løysinger. Framover mangla det litt samhandling, og det blei litt mykje enkeltprestasjoner heile vegen. HaNo hadde sjanser nok til å score mål, men blei litt lite beslutsomme i det nest siste og siste trekket.

Alt i alt ei grei gjennomkjøyring for damene. Vi har eit veldig ungt lag, og skal bli bedre for kvar kamp vi spelar.

Hallgeir Remme
Trenar

24/04-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: