Bortesiger for damelaget.
HaNodamene tok den lange turen til Tjørvåg for å spele kamp tysdag. Det vart ei jamn batalje, men våre damer trakk det lengste strået til slutt.
Til pause sto det 0-0, til trass for at HaNo hadde eit ganske klart overtak stort sett heile omgangen.

I det 15 minutt hadde Marianne Ulla eit fint skot frå 15 meter, men desverre for HaNo gjekk skotet stong ut. I det 19 minutt fekk Judith Malen Vestavik stå heilt åleine i Tjørvåg feltet etter corner, men headdinga gjekk over mål.

HaNo hadde ballen klart mest, og var klart best i denne omgangen, utan at dei spelte seg til mange veldig store målsjanser.

I andre omgang åpna HaNo klart best, og når 2 minutt var gått av omgangen hadde Trude allereie vore 2 gonger åleine med ein god Tjørvågkeeper utan å få ballen i mål. I det 3 minutt fekk HaNo ein ny stor målsjans etter corner, men Tjørvågkeeperen redda denne og.

I det 6 minutt kom endelig scoringa som måtte kome. Judith Malen Vestavik spelar fint fri Sofie Kleinhans Krogsæther på høgrekanten, og ho skjer inn i bana og set ballen utagbart til høgre for keeper. Flott mål av Sofie.

HaNo fortset å skape sjanser i denne perioda av kampen, men ein god keeper og litt ukonsentrerte avslutninger gjer at det ikkje blir scora meir før det har gått 24 minutt.

Då er det \"gamledamene\" som tek tak. Eit Tjørvågangrep blir brote, og Judith får fritt leide på midtbana. Ho forserer hurtig framover, og spelar til Trude, og får så ballen tilbake etter at Trude har drege på seg heile forsvaret til Tjørvåg. Judith scorer sikkert.

Men desse to gjer seg ikkje med det. I det 30 minutt skjer omtrent det same. Judith får ballen og forserer. Ho samspelar nok ein gong fint med Trude, men denne gangen er det Trude sin tur til å sette ballen i nota.

I det 32 minutt reduserer Tjørvåg etter eit fint skot frå 14 - 15 meter.

Alt i alt ein bra bortekamp av HaNo sitt damelag. Sjølv om det tok litt tid å få nettkjenning var våre damer klart best heile kampen, og spesiellt etter ein god andreomgang burde kanskje sigeren vore større enn den vart.

Forsvaret til HaNo var svært solid i denne kampen og sleppte ikkje Tjørvåg til mange sjansane.

Ekstra kjekt var det at Sonja Pernille Tomren er tilbake i HaNo etter ei periode vekke.



HaNo: Hanna, Judith, Eli, Jeanett, Marianne, Nathalie, Sofie, Solveig, Veronica F, Trude og Sonja.

03/09-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: