HaNo bryr seg - dei også
Ej bry mej - om dej mæ. Du har sikkert sett logoen mange gongar. Du finn den også på dei mange nye HaNo-kleda rundt omkring. HaNo og TFØ har fornya avtalen.
Leiar i HaNo, Christian Rønning, signerte ein ny avtale med TFØ (som driv med trafikksikring for øyane).
- Hovudpoenget med å profilere seg på HaNo-effektar er at vi skal ha stadige påminningar om at vi skal tenkje oss om og vere gode trafikkantar. Haldningar er nøkkelordet, fortel Christian.

Meir konkret for HaNo sin del, har klubben forplikta seg til å skape gode haldningar vedr. bilkøyring til/frå trening og kampar. Gjennomgang av haldningar og «reglar» vi har i klubben i samband med trafikksikringstiltak. HaNo inviterer TFØ til vårt årlege kick-off- arrangement for å informere om trafikksikringstiltak.

TFØ ser at HaNo med sine 212 medlemmar femnar om ei stor målgruppe i samband med arbeidet med trafikksikringstiltak. HaNo har aktive spelarar frå 7 år opp til Old Boys. Søsken, foreldre, besteforeldre til desse igjen er også i HaNo-familien.

13/10-13
Av: Odd Einar Molnes






Christian Rønning (HaNo) og Lena Hagen (TFØ) med samarbeidsavtalen på plass.



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: