HaNo utslått
HaNo sitt herrelag rauk ut etter innleiande runde i årets Romjulsturnering. 2 tap og ein siger var ikkje nok.
Det var ein 10-manns stor tropp som reiste til Vågen i otta på søndag. Første kamp mot Helland Spesial enda med tap 4-0 etter ein tafatt kamp frå HaNo si side.

Mot Norborg 1 opna det betre, og HaNo leia 3-2 før Norborg kom sterkt på slutten og vann til slutt 6-3.

I siste kamp mot Ravn, var HaNo det beste laget og vann 3-0. Dermed vart det 3. plass i pulja. Dei 2 beste nr 3 laga gjekk vidare, men HaNo var ikkje mellom dei. Dermed rauk laget ut før sluttspelet saman med Ravn 1, Ravn 2 og Fjørtoft.

28/12-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: