Ekstremt skuffande tap for herrelaget
Ekstremt skuffande serieopning for herrelaget, som trass i mykje godt angrepsspel reiste tomhendt frå Vika tysdag kveld.
Spjelkavik 2 - HaNo 4-3 (1-1)

Mål:
0-1 (12) Aleksander Ulla
1-1 (33)
1-2 (64)Christoffer Longva
2-2 (69)
3-2 (74)
3-3 (76) Jan Egil Ulla (Str.)
4-3 (88)

Dommar: Henrik Sunde, MSIL - meget god kamp av den unge dommaren.

Gukt kort, HaNo: Christoffer Longva

Spelarpoeng, HaNo:
3 poeng: Jan Egil Ulla
2 poeng: Asgeir Nogva
1 poeng: Christoffer Longva

HaNo tok leiinga ved Aleksander Vollan Ulla etter 12 minutt etter dødballsituasjon. Sil2 utlikna etter halvtimen der Sindre mistar ballen som bakerste mann. Rett etter skot i tverrliggeren frå heimelaget, før Mario var nær å headde HaNo i leiinga rett før pause.

HaNo opna 2.omgang bra. Jan Egil spelte fri Christoffer Marcus Longva, som på ekte ving-vis tok HaNo i leiinga att. Men igjen kvitterte Sil2, denne gongen på langskot. Og jaggu blei det 3-2 også etter innlegg og heading.

Kvarteret før slutt klinka Jan Egil Ulla inn utlikning på straffe etter at Michael Austnes blei felt. Stig Frode Longva med fleire fekk gode måltilbud til å ta HaNo i leiinga, men i staden er det typisk nok heimelaget som krangler inn vinnarmålet tre minutt før slutt.

Ein kolossalt skuffa gjeng reiste heim att seint tysdag kveld, og kunne nesten ikkje tru at det enda med tap etter spel, innsats og sjanseproduksjon i denne opningskampen. Lukka er at det kun er 6 dagar til neste sjanse. Heime mot Giske.

HaNo 4-3-3:
Sindre - Sebastian, Michael, Per Kristian, Bjørnar - Marius, Jan Egil, Mario - Christoffer, Aleksander, Asgeir.
Nytta innbyttarar: Jan Erik, Toto, Manuel, Stig Frode, Lars.

23/04-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: