UAVGJORT PÅ HEIMEBANE
I dag tok J13 imot favorittane Valder på Austnes gras. Ihvertfall favorittar i jentene sine auger, for dei har aldri gjort anna enn å tapt mot Valder før. Og det skulle vise seg å verte ein spanandes kamp, igjen:)
HaNo tok tidleg leiinga 1-0, sjølv om første kvarteret var noko stilleståandes og nervøst. Men det gjekk ikkje lenge før Valder utlikna til 1-1. Etter dette følgde dei to laga kvarandre godt, og pauseresultatet var 2-2. Jentene kjempa godt, og ei god Rebekka Moe Klokk i mål, bidrog til at kampen enda 3-3. Målscorarar var Martine Gunnarstein Austnes (2) og Malin Fjørtoft.

Veldig kjekt med full sidelinje av publikumarar!! Det set vi stor pris på!

Og Anders Tomren gjorde nok ein gong ein solid jobb med fløyta:))

Neste kamp er 18. mai borte mot Stranda.

Neida, fekk ikkje bildet rett denne gongen heller….. jajaja…

Siv Ulla Otterlei

08/05-14
Av: Christian Rønning






Kjekt med ihuga supportera, som tek jobben på alvor:)))



5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: