Kanonresultat av G14.
HaNo sitt G14 lag verkar ustoppelege om dagen. I dag var det nr 1 og 2 pÄ tabellen som barka ihop pÄ Herd sitt kunstgras. Resultatet kan vi like.
Underteikna var ikkje til stades pÄ kampen, men har fÄtt referert kampen frÄ oppmann Lena og trenar Per Olav.

FÞrste omgang var forholdsvis jamn. Storvokste Herd spelarar og lettfota HaNospelarar kjempa ein durablig kamp pÄ Herdbana, og det var Herd som scora fÞrst.

So fer Petar ballen. Med ei ferdigdempa lissepasning finn han Evan, og han set ballen i mÄl. Resultatet til pause vart dÄ 1-1.

Etter pause kjaure HaNo opp trykket, og etter scoringar av Evan (2) og Nicolai reduserer Herd til 4-2. Men HaNo let seg ikkje stoppe, og etter at Ole Martin og Philip ogsÄ har putta er kampen kjaurt. Stillinga er dÄ 6-2.

Dette var kamp mellom nr 1 og nr 2 pÄ tabellen, og underteikna er veldig imponert over denne flotte gruppa med fotballspelarar. Det er eit tempo og ein intesitet over spelet deira som kan ta pusten frÄ kvar og ein.

Eit lite skÄr i gleda er det at Lars fekk seg ein smell og kunne ikkje fullfÞre kampen. La oss alle hÄpe at det ikkje er alvorlig, og at Lars snart er tilbake i morgon. Med den fotballinteressa som denne guten viser i lag med kompisane sine pÄ laget, tippar underteikna pÄ at han er i ballbingen i morgon.

Ein god og vaksen dommar gjorde ein strÄlande jobb seier raportane. Han viste to gule kort til heimelaget, og dei fekk dermed 2 gonger 5 minutt suspensjon i kampen.

PÄ tabelltoppen rykkjer dermed HaNo i frÄ Herd og leier no med 6 poeng nÄr det gjenstÄr ein kamp pÄ vÄren.

Neste kamp er mot nabo HarÞy pÄ NordÞy stadion tirsdag 17.06, og dÄ bÞr det vere fullt langs sidelinja. MÞt opp og gjer Êre pÄ desse gutane. Dei fortener det.

10/06-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: