Damelaget på langtur.
Det vart eit greit tap for HaNo sitt damelag på Larsnes si kunstgrasbane laurdag.
HaNo reiste med 10 spelarar til Larsnes, og det haurest greit ut. Men med 2 spelarar med feber i tillegg til eit par med belastningsskader vart det tøft.

Eit lettfota spelande heimelag hadde full kontroll heile kampen, og til slutt sto det 7-0 i dommaren si bok, og etter spel og sjanser var i grunnen det heilt greit.

Det positive med denne kampen var at ett par spelarar måtte spele i ganske uvante possisjonar, og det vart løyst på ein god måte. Eg vel å nemne Jeanette og Julie som delte på den sentrale midtbaneplassen heile kampen. Dette kom dei frå med rak rygg og heva hovud.

Resultatet vart 7-0 til Larsnes. Til pause sto det 2-0.

HaNo: Lena, Kamilla, Tone, Hege, Trude, Amalie, Anne Marthe Ulla, Julie, Jeanette og Silje.

01/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: