G14 kjempar heilt i toppen.
Stordal er nok det beste laget i G14 serien, men i og med at dei har tatt i bruk overårige spelarar stend kampen om å vinne vår avdeling mellom Herd 3, Blindheim 2 og HaNo. Dagens kamp i Nordøyhallen mellom HaNo og Herd 3 var svært avgjerande.
Før denne kampen låg HaNo poenget bak Herd 3, og ville gå forbi og bli beste lag utan overårige i si gruppe.

Kampen åpna bra for HaNo, og dei første minutta dominerte dei totalt. Det var derfor veldig fortent når Philip skaut frispark og Ole Martin stussa det i mål. Dette var allereie i det 3 minuttet av kampen.

Vidare fortsatte godspelet, og etter 14 minutt sto det 3-0 til heimelaget. Dette virka gutane godt fornøgde med. So godt nøgde var dei at foten nok letta litt frå gasspedalen. Herd 3 er eit godt lag, og når dei fekk sjansen greip dei den med begge hender(føter) og reduserte 2 gonger før pause i det 22 og det 24 minutt.

Pausepraten var av det rolege slaget, og etter pause var det berre HaNo. Banens beste spelar Sander hadde full kontroll bakover, og framover var spelet fantasifullt og fint. \"Det ser so lett ut\" sa jentene på sidelinja. Det var godt sagt, for HaNo rulla opp det eine angrepet etter det andre, og vann andre omgang 5-0.

Sluttresultatet vart då som alle har rekna ut 8-2 til HaNo. Ein sterk siger over eit godt gjestelag. Trenarar og oppmann var veldig nøgde. Det var ein artig fotballkamp mellom 2 gode lag.

Finn det og verdt å nemne dommar Christian Rønning som gjorde ein framifrå jobb med fløyta.

Målscorarar for HaNo: Ole Martin 4
Philip 3
Evan 1

Neste kamp for HaNo er NEG borte førstkomande søndag, og so Blindheim 2 borte neste onsdag.


25/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: