Enorm sesong for HaNo sitt G14 lag.
Med 2 kamper igjen trengde HaNo sitt G14 lag berre ein siger for Ä sikre spel om Kretsmeisterskapet. I Eidsdalen mot NEG (Norddal/Eidsdal/Geiranger) fekk dei seg en pÄ trynet allereie etter 12 sekund.
Vi var knappast kommt pÄ land fra ferga fÞr NEG fyrte av eit skot frÄ 25 meter. Ein litt dekt Helge i mÄlet greidde ikkje Ä stoppe skotet. 1-0 til heimelaget var absolutt ikkje planlagt.

Men det gjekk ikkje lenge fÞr Ole Martin vart spelt fint fri framfor mÄl, og han sette ballen fint i hjÞrnet forbi ein god NEG keeper. Dette var etter 3 minutt.

5 minutt seinare var det Philip som vart fint spelt fri, og han scora sikkert. HerifrÄ og ut var det berre HaNo omtrent.

Ole Martin headda lekkert inn 3-1 etter 13 minutt, og auka seinare til 4-1.

Etter 22 minutt er det Espen som kranglar til seg ballen i duell med keeper, og ballen gÄr til Kristoffer som scorer via ein heimelagsspelar.

Etter 31 minutt fÄr Evan litt rom, og han er ikkje tung Ä be. Han fastset pauseresultatet til 6-1 til HaNo.

Etter pause fortset HaNo med det gode spelet. Denne dagen hadde dei skikkeleg flyt. Espen scorer fint etter 10 minutt, og Kristoffer auker til 8-1 etter 18 minutt av andre omgang.

I det 25 minutt fÄr vi eit kunstmÄl av Jonas. Han fÄr ei fin pasning pÄ ca 15 meter. Vipper den opp med venstre fot og skyt pÄ hel volley med hÞgre, utagbart for NEG sin keeper. Flott mÄl av Jonas.

Lars har hatt ein litt ekkel sesong. Ikkje mindre enn to gonger har han brote bein. Etter 29 minutt fekk han ut all frustrasjon. Han forserer frÄ eigen 8 meter. Det er fleire ledige spelarar som roper etter ballen, men Lars har plass og rom, og held pÄ ballen. PÄ 20 meter skyt han eit skot som ein NEG spelar stoppar med handa. HaNo frispark 10-11 meter frÄ mÄl. Lars gÄr resolutt bort og tar ballen, legg den til rette og kliner den opp under tverrliggaren. Han fastsette dermed sluttresultatet til 10-1 til HaNo.

Ein kamp fÞr slutt er dermed HaNo klar for kamp om KM tittel. Ein stor prestasjon. Torsdag reiser dei til Blindheim for Ä spele mot deira 2 lag, men ingen kan ta igjen vÄre gutar. Stordal ligg fÞre oss pÄ tabellen for hausten, men dei har brukt overÄrige spelarar, og kan dermed ikkje spele om KM. Dei slo ogsÄ oss i haust. Men om ein hadde rekna saman tabellen for heile sesongen, hadde HaNo vore pÄ topp.

Slik det ser ut no er det Folkestad som blir motstandar i kampen om KM. Dette blir avgjort pÄ ekte europacupvis med ein heime og ein bortekamp.

DÄ hÄper vi pÄ full NordÞyhall med folk som vil sjÄ god fotball av store talent.

29/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: