J15 tok poeng
Årets fĂžrste heimekamp for J15 laget til HaNo gjekk av stabelen i NordĂžyhallen i dag. Eit godt Herd lag kom pĂ„ besĂžk, men HaNo sine jenter beit godt frĂ„ seg.
HaNo starta friskt, og hadde eit spelemessig overtak i starten av kampen. Etter 7 minutt fer Ingrid ballen pÄ venstrekanten. Ho dreg seg inn i bana og skyt frÄ ca midt pÄ halvdelen til Herd. Ballen gÄr knallhardt i mÄl heilt oppe i krysset. 1-0 til HaNo.

2 minutt seinare er det Martine som vinn ballen. Ho fÞrer ballen mot Herd sin 8 meter. Der fÄr ho 2 motspelarar pÄ seg, men greier Ä spele ballen til ei umarkert Elisa som scorer sikkert Äleine med keeper.

I denne perioden er det store sjanser til begge lag. Herd fÄr skyte upressa frÄ kort hald 2 gonger, men treff ikkje mÄl. Ingrid har i tillegg eit skot i stolpen.

Etter 15 minutt er det sÄkalla klabb og babb framfor Rebekka i HaNomÄlet. Ein Herd spelar greier Ä krangle ballen i mÄl, og reduseringa er eit faktum.

Etter 33 minutt bryt Herd ei tversoverpasning pÄ HaNo sin halvdel. Skotet gÄr til sides for Rebekka, og Herd har utlikna.

2 omgang blir ei nervepirrande affÊre. Begge lag kriger voldsomt, og det blir etter kvart mange trÞtte bein og hovud ute pÄ bana.

Etter 22 minutt plukker Martine opp ballen pÄ eigen halvdel. Ho dribler seg igjennom heile Herd laget, men ein god keeper redder skotet frÄ kloss hald.

Det blir ikkje fleire mÄl, trass i sjanser til begge lag. Ein jamn omgang med sjanser til begge lag, so kanskje uavgjort er greit nok i denne kampen.

Flott innsats var det i alle fall pÄ HaNojentene.

HaNo: Rebekka, Ingrid, Ragnhild, Emilie, Martine, Tea, Helene, Elisa, Anna, Albertine, Charlotte.

MÄl HaNo: Ingrid 1, Elisa 1

01/05-15
By: Hallgeir Remme


01/05-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: