En grei arbeidsdag for J16
HaNo tok imot Valldal sitt J16 lag til kamp i Nordøyhallen fredag 29.04. Ein grei kamp utan at noko av laga \"sprudla\".
I starten av kampen var det ganske rolig. Det var våre jenter som hadde eit ganske markant overtak med fleire gode sjanser, men det heilt store fyrverkeriet lot vente på seg.

HaNo spelte seg til fleire gode sjanser, og det var veldig fortent når Martine heada en flott corner frå Albertine i mål etter 11 minutt. Jentene hadde ballen klart mest heile omgangen, og skapte ein del sjanser som det kanskje kunda vorte scora på, men ein god Valldal keeper og at vi var litt tamme framfor mål gjorde at det ikkje vart fleire mål i denne omgangen.

Største sjansen kom etter 29 minutt. Det var akkurat same oppskrift som målet. Flott corner frå Albertine, men headinga til Martine gjekk denne gongen i tverrliggaren.

Dei forsøka Valldal kom med tok Emilie og Ragnhild seg fint av, og bakerst redda Helene det som kom.

Til pause stod det 1-0.

Andre omgang starter omtrent lik den første. HaNo har overtaket og skaper sjanser, medan midtbana med Martine, Tea, Charlotte, Ingrid og Benedikte (på skift då sjølsagt) hadde full kontroll over spelet det meste av tida.

Etter 9 minutt får vi frispark på midtstreken. Emilie løfter den på mål, keeper gir ein retur, og Martine greier å løfte returen over keeper. 2-0 til HaNo.

Etter 34 minutt har Helene ballen. Ho spelar den til Ingrid, som forserer litt og spelar fri Martine sentralt. Ho driv litt framover og set ballen kontrollert i venstre hjørne.

Ein greit gjennomført kamp der HaNo vinn veldig fortent. Sigeren var aldri truga, og sjølv om Valldal kom med ett par forsøk mot slutten hadde vi full kontroll.

Heilt framme jobba Elisa og Albertine godt, og skaffa i løpet av kampen so mange cornera at eg angrar på at eg ikkje telde dei.

\"Ein grei dag på jobben\" er vel den beste beskrivelsen eg kan finne på denne kampen.

29/04-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: