En rolig jobbdag
Fredag 3 juni reiste J16 til Valldal og spelte kamp. Vi fekk alder opp den store \"spruten\", men poenga tok vi med oss heimatt.
Ledarar og publikum på sidelinja, mykje publikum frå øyane faktisk, fekk store forventningar i det tredje minuttet av kampen.

Valldal er i angrep. Rebekka vinn ballen og sender den langt til Martine. Ho legg ei nydelig pasning til Tea som skyt ballen fint i mål.

På ei hard lita bane er det vanskelig å få flyt i spelet. Eg meiner at det er HaNo som har full kontroll heile omgangen, sjølv om det absolutt ikkje er snakk om å dominere veldig. Valldal har nokre skot som Rebekka i mål ikkje behøver å anstrenge seg voldsomt for å stoppe. Forsvaret med ei for dagen god Ragnhild i spissen stopper det som kjem.

I omgangens nest siste minutt er det Tea som tar på seg servitørrolla. Ho spelar Elisa fri rett framfør Valldal sitt mål, og ho scorer sikkert.

Andre omgang er ganske lik den første. Når vi prater med jentene seier dei at dei har litt problem med å komme heilt i kampmodus. Eg ser den. Vi gjer liksom so mykje som vi må. Valldal er på ingen måte dårlige, men vi har små problem med å \"halde dei frå livet\".

Etter 17 minutt i omgangen er det Martine som skyt. Keeper reddar, men der er måltjuven Elisa og scorer.

Alt i alt ein grei dag på jobb for jentene. Dei er gode nok til å vinne 3-0 utan å anstrenge seg nåkke særlig.

Trenarane sin komentar: Greit nok!

04/06-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: