Treningsleir til Harøya
Informasjon til dame-og herrelaget om treningsweekend til Harøya 27.-28. februar.
Vi tek sikte på å avvikle treningsleir på Harøya i slutten av februar. Den blir i grove trekk slik for herre- og damelaget:

Fredag 27. feb:
Ankomst Harøya kl 1730 hurtigbåt, kl 17 med ferje.

Damelaget:
Trening kl 18 i IP Huse-hallen.
Ankomst Havstuene på Finnøya etterpå. Det vert truleg spelarmøte medan vi ventar på herrelaget. Jan Egil og Lars vil vere trenarar på denne økta.

Herrelaget:
Spelarmøte kl 18 på klubbrommet til Harøy IL. Trening kl 1915-2045 i IP Huse-hallen. Finnøya etter treninga.

Tacobuffet og sosial samling begge laga på Finnøya om kvelden. Overnatting på hotellet på Finnøya. Buffeten blir ca kl 2130.

Laurdag 28. februar:
Frukost Finnøya. Køyrer til hallen og spelar turnering, five a side. Ca kl 14 drar vi til Finnøya og badar på \\\"Håp i havet\\\", før avreise til Ålesund eller Haramsøya kl 1625. Både hurtigbåt og ferje har denne avgangstida.

Håper flest mogleg kan stille. Dette blir ei kjekk helg, der vi får sjå korleis hallen vi drøymer om ser ut!!

Nokre prisar:
Hurtigbåt t/r Haramsøy-Harøya 146,- (Men her kan vi få grupperabattar).
Overnatting ved tre på rommet: 420 pr pers,
ved to på rommet 490 pr pers.
Enkeltrom 700. Alle inkl frukost.

Badebillett: 90 kroner.
Tacobuffet ca 200,- pr pers inkl dessert og kaffi.

I tillegg håper vi dei som har muligheit har med bil. Dei får ein avtalt slant med dei hine som betalar bensin og vel så det. For vi treng bilar til oss sjølve.

Påmelding på sms til Lars (damelaget) eller Odd Einar (herrelaget) snarast, men seinast torsdag 12. februar kl.11.00. Der skriv du kva slags rom du skal bu på (enkel, dobbel eller trippel), og kven du skal bu i lag med.

Lars og Odd Einar vil søkje styret om å få dekt noko av utgiftene, men dette veit vi ikkje noko om før det nye styret har konstituert seg.


mvh
LarsU og Odd Einar

09/02-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: