Kenneth Hansen ny leiar i HaNo
Under det ekstraordinære årsmøtet i Haramsøy/Nordøy fotballklubb leverte mangeårig leiar Lars Ulla frå seg klubba til Kenneth Hansen. Men framleis står det jobb att for valnemnda og styret før alle tillitsverv er på plass.
Under årsmøtet i januar greidde ikkje valnemnd og styret og finne nok folk til alle verva i klubben. Mellom anna leiar og økonomiansvarleg mangla, men no er noko av kabalen lagt.
- Hansen var nestleiar i fjor, og heldigvis takka han ja til å bli leiar, seier ein letta Ulla i kveld. Lars går no som kjend ut av styrerommet og ut på bana og skal leie damelaget. Solveig Dalhaug Ulla blir sekretær i styret, medan Konrad Longva og Oli-Anne Longva held fram i styret.

Alle brikkar er likevel ikkje på plass. Framleis manglar økonomiansvarleg og endå eit styremedlem for at styret fulltalig. To veker har styret på å konstituere seg. Viss ikkje må ytterlegare eit ekstraordinært årsmøte til for å få i orden dei siste verva i HaNo FK.

09/02-09
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: