Stor dag i internasjonalt selskap
Torsdag var eit lag med pyskisk utvklingshemma frå Vietnam på besøk i HaNo - land. Først var det besøk på Haramsøy skule, før turen gjekk via Ulla fyr og Gunnabuda til Nordøy stadion.

På initiativ frå STX Europe, NFF og Haram kommune, har eit lag frå Vietnam vorte sendt til landsturneringa i Ålesund. Det er alle første gong at eit utanlandsk lag er med på denne turneringa for psykisk utviklingshemma.

Denne veka har laget vore i Haram, og torsdag var dei på øyabesøk. Veret viste seg frå si beste side, og det vart ein strålande dag både for gjestar og for vertar.

På skulen var det 10. klasse som tok imot vietnameserane. Det vart vist bilder frå øyane, og det vart servert musikalske innslag. Gjestane svarte med song og bildevisning frå sin heimstad i Vietnam. Sjølv om skilnadane er store om ein samanliknar livet som psykisk utviklingshemma i Vietnam og tilveret som elev ved Haramsøy skule, fann ungdommane raskt tonen. Elevane frå Haramsøya fekk møte ungdommar som har ein heilt anna kvardag, og som kjem frå eit land der det å vere annleis ikkje er like akseptert som i Norge.

9. klasse diska opp med nydeleg lunch til alle elevane ved skulen, og til gjestane.

Etter mat fortalte Pheung om arbeidet dei legg ned for barnefotballen i Vietnam. Fotballen er berre ein reiskap for å oppnå ei mengde andre ting. Mottoet er \"Football for all\". Så fortalte Anne Seth frå STX Europe om sine erfaringar frå det å jobbe i Vietnam.

All honnør til elevane og skulen for den jobben dei gjorde med å ta imot elevane.

Etter dette bar turen til Ulla fyr. Så vidare til Gunnabuda der det var rotur i vikingsskip og baccalao som stod på menyen. Siste del av dagen vart avvikla på Nordøy stadion. Seniorar frå HaNo organiserte der ei kjekk treningsøkt.
Det var ingenting å seie på idrettsgleda!

Etter ein lang, men svært innhaldsrik dag, reiste laget vidare til Brattvågen. Mange inntrykk og gode opplevingar rikare. Og vi som stod att på skuleplassen, var jammen ei oppleving rikare vi også!

03/09-09
Av: Kenneth Ulla






Klar for avreise til Ulla fyr


Felles lunch i gymsalen


Sangglede


Ein fornøgd gjeng på toppen av fyret


Ut i vikingskip


Straffekonk


Her er alle samla på tribuna. Jente 8-10 kom og ville ha autografar. Stor stas!



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: