Vellukka dag 1
409 betalande, knallbra ver, 350 selde middagar og god stemning. Dag 1 av årets HaNo - dagar må kunne seiast å vere vellukka. Og i morgon vert det minst like kjekt!
Det var godt besøk på messeområdet laurdag. Men allereie søndag var 62 unge i alderen 7-15 samla til diskotek på Haramsøya.

Laurdagen starta med godt ver, og full aktivitet på leikerom, barneriding, gladiator og sumo. Inne blant dei 37 standane gjekk handelen og praten livleg. Matlysta var det heller ikkje noko å seie på. 350 porsjonar med brennsnut var litt for lite, så imorgon står 400 porsjonar med kjøtkaker klare! Det same gjer nye kaker!
På utescena sang Preben Lorgen 3 songar.

Damekampen enda 3-3 etter ei spennande avslutning. Sunniva Tomren, Britt Tove Vedeld og eit sjølvmål sørga for HaNo-skåringane.
I pausa var det klart for HaNo - dagane sin aller første kuskitbingo. Det starta med dramatikk då den første kyra sprang over gjerdet, men den andre kyra leverte til slutt varene, og Noah Klokk var den som stakk av med premien!

Vi håper på godt ver og minst like bra oppmøte i morgon. Då er det liknande aktivitetar. I tillegg er det underhaldning frå scena i form av band og dans. I pausa på herrekampen skal yngreslaga våre presenterast.

05/09-09
Av: Kenneth Ulla






Det var knytt stor spenning til kuskitbingoen, og det var tett med folk langs gjerdet.



5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: