Vel blåst!
Dei 18. HaNo - dagane er historie. Ei helg med mykje aktivitet er over, og alle dei nær 200 hjelparane kan ta ein velfortent kvil. Arrangementet gjekk knirkefritt, og kl 20.00 søndag kveld var messeområdet strøkent.
Etter ein laurdag med strålande ver, og 410 betalande, var det litt meir grått på søndag. Men trass dette var det omlag 350 betalande også denne dagen.
Salget gjekk godt på dei ulike standane, og vi har fått mykje positive tilbakemeldingar frå utstillarane.

Frå utescena fekk vi servert musikk frå eit lokalt band med ungdommar, og gladiator - og sumokampane gjekk jamnt.

I pausa på fotballkampen, fekk vi presentert dei flotte HaNo - spelarane i yngresavdeling saman med trenarane og oppmennene sine. Kl 17.30 var messa slutt, og kl 18.20 hadde alle utstillarane komt seg avgårde for å rekke ferja. Pakkinga av teltet, ryddinga på kjøkenet og området rundt gjekk kjapt takka vere god ryddehjelp.

HaNo - dagane er eit kjempeløft for ein liten fotballklubb. Og sjølv om nær 200 stykker måtte stille på dugnad denne helga, er det kjekt å samarbeide med så mange positive folk. Vi får til meste om innstillinga er den rette!

Så takk for ei kjekk helg!

07/09-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: