Grastrotandelen - ei oppdatering
|
SÄ langt i Är, har omlag 12000 kroner sildra inn i HaNo - kassa frÄ Norsk Tipping sin grasrotandel. Dette takka vere dei som har registrert sitt tippekort slik at delar av det du tippar for, gÄr rett til HaNo utan at det kostar deg noko!
|
Pr dato er det 58 stykker som har registrert HaNo som sin grasrotklubb.
FrÄ 1. januar til 31.mai ga dette 6 176 kroner inn
FrÄ 01. juni til 31.08 ga det 4 945 kroner i HaNo - kassa, medan det sÄ langt i september har kome inn 1 076 kroner.
Talet pÄ HaNo - tipparar har auka jamt og trutt, og det er aldri for seint Ä registrere seg!
Vi har likevel eit stykke opp til Norborg, som sÄ langt i Är har hÄva inn omlag 45 000 kroner frÄ sine 230 tipparar.
|