Infomøte tysdag og onsdag
HaNo er ein klubb med stor aktivitet. No inviterer styret til infomøter omkring det som klubben syslar med. Det vert også rom for å stille spørsmål.
Det er ikkje tvil om at HaNo FK er ein viktig organisasjon for øyane våre. Men likevel er det mange som ikkje kjenner til korleis klubben fungerer, og kva aktivitetar vi faktisk har i løpet av eit år. Vi vil difor invitere alle til ein kjapp time med informasjon og fakta, samt opne for spørsmål om det folk lurer på.
Vi trur at informasjon er viktig for at vi skal kunne sjå verdien av det HaNo FK står for, og at vi på ulike vi kan drage i same retning.

Vi håper at du har tid til å sette av ein time til dette enten tysdag 27. april kl 20-21 på Flem skule, eller onsdag 28. april kl 20-21 på Haramsøy skule.

26/04-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: