Harøy – siger etter HaNo – kollaps
Dei første 80 minutt av lokaloppgjeret mellom HaNo og Harøy var jamnspelt. På slutten ville Harøy mest og sikra seg med det 3 nye poeng og tabelltopp.

5. div menn
HaNo – Harøy 2-6 (1-1)
Nordøy stadion
1-0 Kenneth Ulla (25)
1-1 Stian Harnes (35)
1-2 Rolf Borgan (49)
2-2 Stig Erik Nogva (60)
2-3 Magnus Tennfjord (78)
2-4 Eivind Harnes (88)
2-5 Morten Håheim (89)
2-6 Stian Harnes (90)
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy
Dagens HaNo – spelar: Odd Einar Molnes

Juryen sin dom:
*** Odd Einar Molnes
** Stig Erik Nogva
* Per Kristian Klokk

I ufyseleg haustver på ei våt og tung Nordøybane, var det duka for nytt lokaloppgjer fredag. Og kampen starta friskt. Trass vanskelege speleforhold greidde begge laga å spele bra fotball i 1. omgang. Spelet bølga fram og tilbake, sjølv om det var langt mellom sjansane. HaNo tok leiinga då Asgeir Nogva la inn frå venstre, og Kenneth Ulla krypheada i mål. Etter dette tok Harøy over spelet, og det var fortent då Stian Harnes utlikna til 1-1. Han drog seg fint fri, og sette ballen lavt i lengste hjørnet. Dermed 1-1 til pause. Eit resultat som ga eit bra bilde av omgangen.

Harøy på tabelltopp
Etter kvila tok Harøy kjapt leiinga. Rolf Borgan fekk skyte frå 16 meter, og ballen sklei under hanskane til Henrik Åkre i HaNo – målet. Men kampen var framleis open. Og HaNo fekk utlikninga si då Stig Erik Nogva heada fint i mål etter innlegg frå Odd Einar Molnes. I denne perioda stod kampen og vippa. Og den skulle kome til å vippe Harøy sin favør. Magnus Tennfjord sørga med kampen si finaste skåring for 2-3. Han fekk ballen på skrå utanfor 16-meteren, og sendte den i lengste kryss.
Etter dette var det mykje Harøy. Dei vann dei fleste duellane, og verka å stå distansen betre enn HaNo. Og når HaNo kollapsa defensivt dei siste 5 minutta, kunne Harøy putte 3 enkle mål. Dermed står Harøy med 3 strake sigrar, og tronar på toppen av 5. divisjon avd 2. HaNo på si side får ta med seg det positive dei første 80 minutta fram mot neste kamp mot Stranda2.

30/04-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: