Siger mot Lepsøy
HaNo vann til slutt 11-7 mot nabo Lepsøy i fredagens treningskamp i Nordøyhallen. Kampen gjekk over 3x25 min og laga hadde kvar si omgang av dei to første, medan HaNo styrte det meste av spelet i den siste.
1-0 Frank Gjerde
1-1 Jan Egil Ulla
2-1 Lars Åkre
3-1 Lars Åkre
4-1 Odd Einar Molnes
4-2 Frank Gjerde
5-2 Per Jarle Fjørtoft
5-3 Johan Kjerstad
6-3 Lars Åkre
6-4 Frank Gjerde
7-4 Lars Petter Haram
7-5 Frank Gjerde
7-6 Johan Kjerstad
7-7 Frank Gjerde
8-7 Lars Åkre
9-7 Jan Egil Ulla
10-7 Per Jarle Fjørtoft
11-7 Per Jarle Fjørtoft


Det vart eit målrikt oppgjer mellom HaNo og Lepsøy fredag kveld. Det første målet i den nye Nordøyhallen var det gjestane sin Frank Gjerde som fekk æra av å sette inn. Han fekk stå aleine og avslutte enkelt bak keeper Pål Forr Austnes i HaNo buret. Etter dette hevar HaNo seg og tar over det meste av banespelet. Jan Egil sett inn 1-1 før Lars og Odd Einar sørger for 4-1 leiing etter 12 min. Frank får igjen rom og sett sin andre for dagen før Per Jarle fastsett pauseresultatet til 5-2.

I 2 omgang er jamnare og etterkvart med eit lite overtak til gjestane. Sjøl om HaNo går opp i 7-4 leiing på eit fint frisparkmål frå Lars Petter, så er Lepsøy sterkast på slutten og utliknar til 7-7 etter at Johan Kjerstad og Frank sett inn 3 mål.

I 3 omgang girar vertane opp et hakk og speler meir ball langs bakken. Likevel skal det ta 16 min før Lars sett inn 8-7 etter eit fint raid og oppspel av Dag Peter Olsen. Etter dette går lufta litt ut av gjestane og HaNo sett inn 3 mål på slutten med Jan Egil og Per Jarle. Dermed ender kampen 11-7 og HaNo siger i historias første kamp i Nordøyhallen.

Ei god gjennomkøyring for begge lag der fleire legg ned ein solid innsats. Unge Mads Uri og Olve Steen jobbar og slit og visar at dei har mykje å bidra med på dette nivået. Lars Petter er tilbake etter ei forlenga vinterpause og bidreg med rutine og ro på midten. Ellers pluss til Dag Peter Olsen og Demir Haram som bidreg mykje offensivt fra beckposisjon.

Henrik Aakre og Cato Longva stilte sporty opp som dommera og gjorde ein nesten feilfri innsats. :)

Neste kamp er 7/3 mot Aspøy på Ravn Stadion.

25/02-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: