Nyutdanna trenarar
Etter ein del sjukdomsforfall blei det med 9 frå HaNo FK og 2 frå Lepsøy IL som fekk sine fortente kursbevis etter ei bokstavleg talt aktiv helg. Møkksveitte avslutta dei halvannan dag i Nordøyhallen med oppsummering og ei lita oppgåve på skulen til slutt.
Hallgeir Austnes, utflytta haramsøying, leia dette aktivitetsleiarkurset, som er første kursdel av fire i den såkalla Trenar 1- utdanninga. Dette er rekna for å vere grunnkurset for barnefotballen, og det stod ikkje på verken innsats eller engasjement mellom kursdeltakarane. Deltakarane var nøgd med Hallgeir, som er ein engasjert og rutinert trenar. - Her burde fleire vore, for dette var veldig bra, meinte deltakarane ved kursslutt.

Dei ulike delane av ei trening, og kvifor, blei gjennomført både i teori og praksis. Hallgeir gjennomførte nesten heile kurset oppe i Nordøyhallen, for det er på treningsfeltet det skjer, som han seier. Andre viktige bodskap blei prenta inn i løpet av helga:
- Hallen er kjempeviktig, dei som er i styre og stell likeså. Spelarane er sjølvsagt viktig. Men det viktigaste av absolutt alt er TRENAREN, fortalde Hallgeir ofte. Det er han og ho som sørgjer for utvikling, at spelarane syns dette er kjekt å halde på med.

På lagbiletet under ser ein øvst frå venstre Sindre Longva, Pål Forr Austnes, Odd Helge Farstad, Andreas Austnes, Rolf Longva, Jan Petter Lausund. Framme frå venstre: Geir Olav Otterlei, Olve Sigurd Steen, Anna Marøy Austnes, Svein Johan Nogva og instruktør Hallgeir Austnes. Jon Ole Flem var ikkje tilstades på akkurat dette biletet.

03/04-11
Av: Odd Einar Molnes






Her er gjengen.


Og så zoomar vi litt ut for å få med litt meir av hallen :)















5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: