Knepent tap mot Ravn
HaNo sitt herrelag tapte knepent 3-2 mot Ravn på Ravn Stadion tirsdag. Sindre Longva og Lars Petter Haram skora HaNo sine mål.
HaNo: Pål Forr Austnes, Kristian Kalvøy, Per Kristian Klokk, Robin Haram, Olve Steen, Lars Åkre, Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Odd Einar Molnes, Mads Uri, Michael Austnes.

Nytta innbyttarar: Dag Peter Olsen, Daniel Grebstad, Demir Haram, Sindre Longva, Eivind Slyngstad, Sigvard Steen, Per Olav Sunde, Mert Haram.



Tirsdag tok HaNo turen til Vatne for å møte Eivind Ulla sine gutar i Ravn til treningskamp nr 5 for året. 1 omgang var jamn og begge lag hadde fleire sjansa til å få ballen i nota. Mads Uri hadde bortelaget sin største da han fekk ballen aleine framfor mål halvvegs i omgangen, men avslutninga gjekk utanfor mål. Ravn var fleire gongar frampå med til dels store sjansar men laga gjekk likevel til pause med 0-0.

2 omgong skulle bli langt meir målrik. Ravn tok først leiinga med trenar Eivind Ulla etter omlag 10 min av 2 omg i ei god Ravn periode. HaNo kjem etterkvart tilbake i kampen då Sindre Longva sett inn 1-1 etter pasning frå Lars Åkre. HaNo er sugne på meir mål og har fleire gode angrep i denne perioden. Skot i stonga frå Lars og ei heading like over frå Per Kristian gjer at bortelaget er uheldig som ikkje går opp i leiinga. 2-1 kjem etter at Ravn får eit farleg frispark på 20 meter. Pål reddar skuddet fint, men Øyvind Farstad er først på returen og Ravn går opp i leiinga. Men igjen kjempar HaNo seg inn i kampen. Eit langt oppspel frå Odd Einar treff hovudet til Lars Petter Haram og laga er like langt igjen. Men like før slutt mistar HaNo ballen noko unødvendig på midten og Tore Nedrevold blir spelt aleine gjennom mot mål. 3-2 til Ravn og HaNo rekk aldri å komme tilbake. Eit noko unødvendig tap i ein kamp der uavgjort nok hadde vert greitt for begge lag. HaNo hadde med 19 mann til denne kampen og vart litt prega av mange bytter gjennom kampen. Mange trena godt om dagen og vi ligg jamnt på 15-18 spelerar på treningane og trenar Joakim ga alle ein del speletid i denne kampen. Keeper Pål og forsvaret virker meir trygg for kvar kamp no. Det offensive spelet har vi ein del og gå på fortsatt og vi slit litt av mangel på reine spissar i troppen. I helga ventar Lepsøy og Harøy til treningskampar i hallen og her vil mange av dei unge få mykje speletid. Tirsdag ventar Aksla på Ratvika.

06/04-11
Av: Lars Åkre






God stemning blandt trenerane før kampen.


Pix og Vegard på plass på ferga.





Per Kristian beundrar Per Olav sine nye sko i størrelse 48,5.


Endeleg!! Etter bistroen la ned på Haramsøya har det vorte rift om å bli med på bortekampane!



5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: