Stor idrett tre dagar til ende
Når 90 ungar skal haldast i aktivitet i 6,5 timar med mat og aktivitet trengs det gode medhjelparar. Det viste HaNo FK at dei har å by på. Tusen takk til alle som stilte. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar til neste gong- for det var eit krav frå ungane :)
Under har eg også lagt inn nokre dårlege mobilbilete. Håper at dei som har betre kvalitet - og ikjke minst meir frå aktivitetane - kan legge det inn eller sende til Kenneth Ulla.

Onsdag 17 hjelparar, torsdag 21, og fredag heile 24 ungdommar og vaksne gjorde ein kjempejobb på kjøkken, grasbana, fjellet eller hallen for god aktivitet for ungar i alderen 7-15.

Og kva meinte ungane? Jau, då vi køyrde løvsøyingane på ferja i dag, kom det frå framsetet: - Viss det ikkje blir neste år, leverer vi inn protest!

Ein 8-åring frå Longva sa: - Kaffør skal det ikkje ver idrettsskule i mørgå??!!

Tilbakemeldingar
Eit så stort arrangement skal også evaluerast. Då kan vi lære meir om kva som fungerte godt, og kva som kan gjerast betre. Send gjerne tilbakemeldingar til Odd Einar på
molneod@hotmail.com

Pris, mat, aktivitetar (for mykje av/for lite), tidspunkt, transport kan vere stikkord.

24/06-11
Av: Odd Einar Molnes






Karbonade og stappe på menyen i dag.














Ettermiddagen i dag gjekk med til \"Vinn-på-minuttet\"-aktivitetar i Nordøyhallen.


Her skal koppane blåsast ned kun ved hjelp av luft frå ballongen.


Vaffelpause er ikkje så dumt!


T-skjorter til alle! Her er 6 karar frå tre øyar godt nøgde idrettsskulen.



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: